Hei! Eg heiter Sondre, er 14 år og har teke bilete i litt over eit år no. Eg er relativt ny til fotografering, men det gjer det ekstra kjekt å lære. Har litt erfaring med både sjølvopplæring og fotokurs i eit skuleår på ungdomsskulen. Å fotografere er noko som eg merka ganske fort var av interesse, kunstnarfridom og å leve seg inn i å ta bilete var tydelegvis ganske kjekt! Å vere med å fotografere UKM trur eg kan hjelpe meg til å prøve ut litt nye område innanfor foto, men og til å levere gode bilete til dykk. Om det er av interesse, så legg eg både nettsida mi og Instagram-profilen min her, så de kan sjå på mitt arbeid innanfor fotografering! Nettside: https://sondre.lunestad.net/ Instagram: https://www.instagram.com/sondre.photography/ Takk!