Ordensreglar ‌

Fordi alle fortener ei god festivalopplevingđŸ€

Ordensreglar har vi for at alle skal fĂžle seg trygge!

Stille frĂ„ kl. 00:00 đŸ’€
– Det skal vere ro i sovesalen frĂ„ kl. 00:00.
SĂžvn kan vere kjedeleg, men det er viktig – spesielt nĂ„r dagane startar tidleg.

Ingen rusmidlar ❌
– Bruk av rusmidlar er forbode, og medfĂžrer heimreise for eiga rekning.

MĂžt opp nĂ„r du skal – i god tid ⏰
– Alle mĂ„ mĂžte presis til lydprĂžver, framsyningar og workshops.

Mobilen skal ladast pĂ„ dagtid, ved ladesonene đŸ”‹đŸ“±
– Det skal vere trygt for alle, og derfor skal all lading foregĂ„ i ladesoner.

Ver god mot andre ❀
– Respekt, toleranse og mangfald skal prege festivalen.
– Det skal vere rom for ulike meiningar, livssyn og veremĂ„tar, og alle skal fĂžle seg trygge.
– Ver raus!! Alle er forskjellige.

Ha pĂ„ lyd pĂ„ telefonen din pĂ„ dagtid 🔊
– Det kan vere fleire som lurer pĂ„ kvar du er – ver tilgjengeleg!

Meld frÄ kvar du gÄr!

– Dersom du skal gĂ„ ein tur pĂ„ butikken mĂ„ du gi beskjed til reiseleiaren frĂ„ kommunen din at du gĂ„r – ingen forlater festivalomrĂ„det utan Ă„ gi beskjed til ein vaksen.

– GĂ„ gjerne saman med nokon andre nĂ„r du fĂžrst skal du pĂ„ tur!