Er du påmeldt som konferansier eller med media?📷📹🎤
Då har du ein mentor som du skal følge!

Media📷📹
UKM-media har fått eigen mentor. Hassan Al-Aazari er mentor, og vil sørge for at UKM-media får tatt fine bilder, og kanskje lage ein film som kan brukast til promo av fylkesfestivalen til seinare år?
Ved ankomst på fylkesfestivalen kan du møte Hassan ved sekretariatet 😊
Er du nysgjerrig på media? Ta gjerne ein prat med Hassan i løpet av dagane i Aure!
Konferansier🎤
Konferansierane får eigen mentor. Dette året er det Magnhild Vassvik Rovik som blir mentor, og vil sørge for at konferansierane får god veiledning i møte med alle UKM-deltakarane som blant anna skal opptre på framsyningane. Ho vil veilede og hjelpe deg med gode stikkord til framsyningane!
Du møter Magnhild til lydprøve i forkant av framsyninga du er satt opp som konferansier for: Framsyningar og lydprøver🎪🔊 (ukm.no) 😊