Informasjon til deltakarar

Her finn du informasjonen du treng for å vere klar til UKM Vestland Fylkesfestival Sør.

Her finn du informasjonen du treng for å vere klar til UKM Vestland Fylkesfestival Sør.

Arena
Festivalen har arrangerast på Askøy videregåande skule og Askøy kultursal med adresse: Søre Myrane 13, 5300 Kleppestø. Dei sceniske framsyningane vert i Askøy Kultursal, kunstutstillinga vert i fellesområdet på Askøy VGS og alle aktivitetar og workshops føregår inne på skulen. Dersom aktivitetar føregår andre stadar vil du få beskjed ved påmelding. Du kan også spørre i sekretariatet om kor du skal møte opp.

Overnatting
Alle deltakarar overnattar på Askøy VGS. Kommunane får tildelt klasserom slik at du overnattar med dei andre deltakarane frå di kommune og reiseleiaren din. Hugs å ta med liggeunderlag og sovepose. Det er tilgong på garderobe og dusj i underetasjen på skulen. På skulen er det klare reglar for stille og lys av. På klasserom skal det vere ro mellom 23.00 – 07.00. Lading av mobiltelefonar, PC-ar, nettbrett o.l. er forbode mellom 23:00 – 07:00. Om behov kan du lade ved sekretariatet (hovudinngang). Det blir nattevakter frå Røde Kors på skulen som sørger for at ingen utanfrå kan komme inn. Ha derfor alltid på deg festivalbandet som blir utdelt ved registrering ved ankomst. Alle deltakarar skal vere inne på skulen mellom 00.00 og 07.00.

Alkohol og andre rusmiddel Det er nulltoleranse for bruk av alkohol og andre rusmiddel på arrangementet. Bruk av alkohol eller andre rusmiddel fører til heimsending på eiga rekning.

Mat: Alle måltid vert servert i kantina på Askøy VGS. Gi beskjed så snart som mogleg om du har allergiar eller matpreferansar du ikkje har registrert i påmeldinga. 

Sosiale media:
Følg med på instagram: ukm_vestland_fylkesfestivalsor eller snapchat: ukmvestland 

Husband
Vi har eit husband med profesjonelle musikarar som kan spele med alle som treng det. Dette melder kontaktperson i kommunen inn via arrangørsystemet. Vi ønskjer at alle som har playback sender anten lenke til sin versjon av låten, lydfil, eller notar slik at bandet kan øve det inn. Det blir sett av tid til øving med husband slik at de er klare til konsert.

Lyd- og filmfiler
Dei som skal ha lydfiler på sitt innslag (m.a. dans) må sende oss lydfiler av god lydkvalitet slik at teknisk personell har dette klart til show og prøver. Det samme gjeld for dei som skal vise fram film. Lyd- og filmfiler sendast til olav@brilliancelive.no.

Kunst
Skal du vise fram kunst på kunstutstillina må du hugse å anten ta med kunsten til Askøy sjølv eller avtale med kommunekontakten din om levering til fylkeskommunen. Send mail til olav@brilliancelive.no med mål og ca. vekt på verka, så vi kan planlegge passande oppheng. Tenk også gjerne over kva verka betyr for deg til seinare intervju på festivalen!

Aktivitetar

Workshops: I tillegg til tekniske prøver, øvingar med husband og tilrettelegging av kunstutstilling, blir det aktivitetar og workshops gjennom heile helga. På festivalen blir det følgjande workshops:

Laurdag:

  • Silketrykkworkshop med 10/10-trykkeri. 
  • The Divising Workshop, teaterworkshop med Amy Insole
  • Låtproduksjon med Edvard Tronstad. 
  • Kunstutstilling med Liene Druba. NB! Obligatorisk for deltakarar som skal syne fram kunst. 
  • Øving med husband. NB! Obligatorisk for dei som skal fremsyne med husband på laurdag. 
  • Fotografiworkshop med Truls Skram Lerø
  • Konferansierworkshop med Tyra Fosheim Eide

Søndag: 

  • The Divising Workshop – teaterworkshop med Amy Insole
  • Maleworkshop med Anniken
  • Låtskrivingworkshop med Michelle Ullestad
  • Silketrykkworkshop av UKM-logoer med 10/10-trykkeri. 
  • Dans- og koreografiworkshop med Stephanie Mowinckel
  • Øving med husband. NB! Obligatorisk for dei som skal fremsyne med husband på søndag
  • Konferansierworkshop med Tyra Fosheim Eide

Vi sender ut oversikt, meir informasjon og påmeldingsskjema fredag 12. april kl. 10.00. Her er det først til mølla prinsippet som gjeld.

Vernissage: Det blir vernissage når kunstutstillinga opnar laurdag kl. 14.00. Kom til fellesområdet ved kantina og sjå all kunsten som er laga av deltakarane!

Framsyningar: Det blir 4 framsyningar med innslag frå deltakarane på festivalen. Fredag 20.14, laurdag kl. 15:15, laurdag kl. 19:15 og søndag kl. 13.30. Dersom du har venner, familie eller andre som vil sjå på fremsyningane kan dei registrere seg til billettar her: Billett, UKM Fylkesfestival Sør 2024

Jamsession: Etter programslutt fredag og laurdag blir det rigga til jamsession i Kantina.

Sosiale aktivitetar: Alle sosiale aktivitetar skjer i regi av Unge Arrangørar. Ved ankomst blir det arrangert bli-kjent leikar for alle deltakarane og felles rebusløp. Seinare på kvelden blir det mogleg å velje mellom aktivitetar som «grab the mic», quiz, mafia og kanonball. Det er også eit bibilotek tilgjengeleg for alle deltakarane. Meir informasjon om sosiale aktivitetar kjem etter siste samling for Unge Arrangører laurdag 13. april. 

Helsing oss i Brilliance Live; Olav Brekke, Haavard Monsen og Lun Music; Mathilde Orlien og Ingrid Døssland. 

Vi gler oss til fylkesfestivalen UKM Vestland Sør!