Workshops? Sjå HER!
Her finn du påmelding til og informasjon om workshops! Her er det førstemann til mølla-prinsippet som rår, så vær rask! Ein kan...
Her finn du påmelding til og informasjon om workshops! Her er det førstemann til mølla-prinsippet som rår, så vær rask!
Ein kan melde seg på workshops både laurdag og søndag. Du meldar deg på her: https://forms.gle/zFs8JvC6LUsz2mKo8
Nokre workshops er obligatoriske for enkelte:
- Konferansierar skal på konferansierworkshops for å førebu framsyningane, ein får likevel tid til å være med på andre workshops, men må kanskje gå litt fram-og-tilbake.
- Husbandøving: alle deltakarar som skal spele med husbandet på framsyninga skal øve på oppgitte tider (fredag, laurdag eller søndag), men kan likevel melde seg på andre workshops, og bare gå og komme tilbake når ein skal øve.
- Klargjering av kunstutstilling: alle kunstnarar som skal vise fram kunsten sin skal vere med å klargjere utstillinga og gjere i stand til vernissage kl 14.00 på laurdag. Ein rekk altså ikkje andre workshops på laurdag.
- Konsertfoto: Dette er supert for UKM media å melde seg på, men det er også ope for alle andre som er interesserte i å ta bilder. Ta med deg kamera eller mobilen din!
Silketrykk med 10/10 trykkeri
Gje nytt liv til eit gammalt plagg med 10/10 trykkeri!
På workshop med 10/10 tekstiltrykkeri vil du få ei innføring i silketrykk-teknikkar og korleis ein arbeider med silketrykk i praksis!
Workshopen arrangerast både laurdag og søndag!
The Divising Workshop
Vil du bli tryggare på scena? På workshopen “The Divising Workshop vild u arbeide med ulike teaterteknikkar, impulsar, røyrsle, gjenstandar og musikk. Fokuset er å skape tryggleik når du framsynar på scena!
Workshophaldar Amy Insole er utdanna regissør, har regissert på mange av Londons scenar og arbeider nå på Fyllingsdalen teater.
Workshopen haldast både laurdag og søndag.
NB! Workshopen er på engelsk.
Kunstutstilling
For dei som deltar med kunst er det obligatorisk workshop i kunstutstilling laurdag 20. april.
Workshophaldar Liene Druba er kunstnar, illustratør og designar. Oppprinneleg frå Latvia, men har budd dei siste 10 åra i Bergen. Liene har arbeidet både digitalt og analogt, med maleri, teikning, bokbinding, illustrasjon, keramikk, skulptur og mykje mer! Ho brenn for kunstfager og gler seg til å sette saman ei flott kunsutstilling med dykk!
NB! Obligatorisk for dei som deltar med kunst
Låtproduksjon
Korleis lages egentlig ein låt? Bli med på låtproduksjonsworkshop laurdag 20. april!
Edvard Tronstad er ein låtskrivar og produsent som til vanleg jobbar i Lydriket Studio i Bergen. Han har dei siste åra arbeida mykje med elektronisk pop og hiphop, og skrive låtar med mellom anna KAMARA, 8lanco, og Zupermaria. Som mange produsentar kan han gjere litt av alt, og har erfaring med recording, beat-making, miksing og låtskriving
Konsertfoto
I denne workshopen får du tips og triks til korleis ein kan skape konsertbileter med det lille ekstra. Du vil få lære om komposisjon, å sjå etter lys og korleis ein kan fange «augneblinken». Kanskje ser du på konsertar på ein litt annan måte etterpå – både med og utan kamera?
Truls er 25 år gammal, er utdanna lektor og jobbar som frilansfotograf. I det daglige tar han bileter av veldig mykje forskjellig – konsertar og artistar, nyhetshendingar, vanlege og uvanlege folk – men alt handlar om menneske. Som konsertfotograf har han mellom anna jobba mykje med Forum Scene, USF Verftet og Vill Vill Vest. Ser fram til å møte nye talent på UKM!
Dans og koreografi
Bli med på dans- og koreografiworkshop med Stephanie Mowinckel søndag 21. april!
Stephanie er utdannet fra London Studio Centre med en BA i dans, og har videreutdanning i Danse og bevegelses-terapi. Hun underviser ved Bergen Dansesenter, og har lang erfaring som pedagog bl.a. gjennom Den kulturelle skolesekken i Bergen. Hun er danser i Schang dansekompani og har ellers jobbet ved DNS, Hordaland Teater og ved en rekke andre scener i byen, som både danser og koreograf. Stephanie har mellom anna laga koreografien «Vi e’Bergen!» frå 950 års jubileumet til byen i 2020.
Maleverkstad
Slepp fantasien løs, finn fram din indre kunstnar på maleverkstad med Anniken J. Hessen.
Anniken arbeidar med tekstil og teikning i eigen praksis. Ho brenn for å formidla skaparglede og ulike kunstuttrykk til kommande generasjonar. Anniken underviser ved Bryggen Kunstskole og formidlar for barn og unge ved S12 Galleri og verkstad.
Uansett om du har mykje eller liten erfaring med maling, er du velkomen på maleverkstad med Anniken!
Låtskriving
Ein god song kan få deg til å grine, danse, le eller tenkje på eksen din. Ikkje tru dette er tilfeldig, menneska bak favorittsongane dine er nemleg meisterar i å få deg til å kjenne ting!
Michelle Ullestad har raskt etablert seg som ei merkverdig artist og låtskrivar innen det norskspråklege popuniverset siden ho vart kåra til Årets Urørt i 2022. Ullestads låtskrivartalent og ærlege skildringar av livets mange utfordringar høste store lovord i norsk presse og musikkbransje.
Konferansierar
Treng du ei innføring i korleis vere er ein god konferansier? I denne workshopen får du lære alt frå korleis du kan skrive ein god introduksjon til å kunne gå på scena med god sjølvtillit! Tyra har vore med på UKM som konferansier og workshophaldar i mange år. I tillegg er ho keyboardist i bandet Twisted Days og har praktisk erfaring som bandinstruktør og pianolærar. Ho var konferansiermentor på UKM Fylkesfestivalen på Fitjar i fjor. Ho gler seg veldig til å møte alle konferansierane frå Vestland og lage eit knallbra show saman med dykk!