Velkomen til lokal mønstring for Seljord og Kviteseid på Granvin 13. februar 2025.
Her kan ein delta innan alt som får plass på ei scene, ei utstilling eller på film. Meld deg på allereie i dag! Det lokale arrangementet er for alle frå året ein fyller 10 år (4. klasse) og oppover til 20 år.
Ein forelder/ven/lærar kan spele saman med den som skal opptre.
På torsdag 13. blir det lydprøver frå skuleslutt, kunstutstillinga skal vere ferdig oppsatt til kl 17.00 og sceneshowet startar kl 18.00.
Fylkesfestivalen går av stabelen på Ibsenhuset i Skien 4. – 6. april. Dei som blir valt ut til å representere Kviteseid og Seljord skal delta på laurdagen. Heile dagen blir full av program. Kor mange som kan representere kvar kommune kjem av på kor mang som deltek lokalt. Dei som skal delta på fylkesfestivalen skal i hovudsak vere mellom 13 og 20 år. Vi håpar på stor deltaking, sånn at vi kan sende mange deltakarar til fylkesfestivalen.
Hugs at ein også kan delta med kunst, film , foto, skriving, teater, konfransier (programleiar) m.m. Ein kan delta med fleire ulike uttrykk. Ta kontakt om du lurar på noko. 🙂
... Les merVelkomen til lokal mønstring for Seljord og Kviteseid på Granvin 13. februar 2025.