Kunstnar eller konferansier?
Då har du ein mentor som du skal få veiledning og støtte frå 🤍

KUNST🖼️
Sølvi Abrahamsen er mentor for kunstnarane. Ved ankomst på UKM, må du ta med deg kunsten din og møte Sølvi ved kunstområdet (der kunstutstillinga skal vere). Her får du lagt frå deg kunsten, også får du litt meir informasjon om korleis kunstutstillinga, som kunstnarane skal designe i lag, skal lagast og sjå ut.
Kunstgjengen skal samlast tidleg søndag for å lage kunstutstillinga i lag.
- Felles oppstartsmøte for kunstnarane ved kunstområdet, laurdag 4. oktober kl. 16:00
- Felles møte for kunstnarane ved kunstområdet, søndag 5. oktober kl. 09:30
KONFERANSIER🎤
Magnhild Rovik er mentor for konferansierane. Ho var mentor i 2024 i Aure kommune, og har heldigvis takka ja til å bli med oss endå eit år!! Magnhild vil sørge for at konferansierane får god veiledning under lydprøvene og framsyningane. Ho vil hjelpe deg på lydprøva med å lage gode stikkord og artige ting du kan sei / gjer under framsyninga der du er konferansier / programleiar.
- Felles oppstartsmøte for konferansierane i Hareidhallen, laurdag 4. oktober kl. 16:00
- Sjekk kva framsyning du er konferansier på: (LINK KJEM). Hugs at du må møte opp både til lydprøve og framsyning.