Workshops 🧵🎭🎮🎨

Vil du lære noko nytt? Eller møte andre som har same interesse som deg? BLI MED PÅ WORKSHOP 👏

Søndag 4. oktober er det lydprøve og workshop på same tidspunkt. Dersom du skal på lydprøve, må du prioritere den.. Det er fleire ulike workshops, men workshopen går to gongar på rad / kl. 09:30 – 12:00 / kl. 14:30 – 17:00. Du treng ingen forkunnskap for å bli med på workshopen! Berre bli med 🤍
I år er det ingen påmeldingslister!! Du må derfor møte opp i god tid for å bli med på workshop 🤍

🎛️🎹Musikkproduksjon🎹🎛️ (plass til 8 stk pr. runde)

Svenning Veiseth skal halde workshop i musikkproduksjon. Han er ein profesjonell pianist og musikkprodusent med base i Oslo, med røttene sine i Brandal i Hareid kommune. Han har produsert musikk utgitt av plateselskap som Universal Music & Sony Music, og med dette hatt musikk på dei største radiokanalene i Noreg. Dei siste åra har han turnért med Ramón med høgdepunkt som t.d. utsolgt Oslo Spektrum. Han er produsent for artistar som Zimmermann, AUGUST, Emily Hammer og slapp tidlegare i år si første låt med Ramón som gjekk rett inn på topplistene i Noreg. Han har mykje erfaring med undervisning, og gledar seg stort til å ha kurs i musikkproduksjon for alle UKM-arane på Hareid.
Workshopen er i eit klasserom på Hareid ungdomsskule.

  • søndag kl. 09:30 – 12:00
  • søndag kl. 14:30 – 12:00

📸Fotoworkshop / workshop i scenefoto📸 (plass til 4+stk pr. runde)

Georgi Nikolov skal halde workshop i scenefoto. Han er ein erfaren fotograf, som blant anna har vore fotograf for Jugendfest i Ålesund. Georgi har tidlegare holdt workshop i foto for UKM i Ålesund. Dette var til stor suksess for kommunen og ungdomane. Ta med deg eige kamera, dersom du har stor interesse for foto. Elles har vi 4 kamera til utlån. Sjekk ut IG til Georgi: https://www.instagram.com/p/DNoLMnciVvW/?utm_source=ig_web_copy_link&igsh=MzRlODBiNWFlZA==
Workshopen er i Hareidhallen, der det er lydprøver og framsyningar.

  • søndag kl. 09:30 – 12:00 (vi håper også at du vil ta bilder på framsyning 2, kl. 13:00 – 14:30)
  • søndag kl. 14:30 – 17:00 (vi håper også at du vil ta bilder på framsyning 3, kl. 19:00 – 20:30)

🧵Redesign🧵(plass til ca. 8-10 stk. pr. runde)

Marion Øvrelid skal halde workshop i redesign. Ho er skaparen bak Saumrom Systue som ligg i hjertet av Ulsteinvik. Ho driv med redesign/omsaum, reprasjon og søm av klede, vesker, og mykje meir. Ho har skapt seg sin eigen arbeidsplass, og stortrivest med dette. Ho held mykje kurs og lærer bort det ho sjølv kan, elsker redesign fordi det er ein miljøvenleg måte å ta vare på dei tinga vi har i staden for å kaste å kjøpe nytt. Marion var også med på UKM i 2022 på Eide. Sjekk ut IG til Marion: https://www.instagram.com/p/DNC1RBksm9a/?utm_source=ig_web_copy_link&igsh=MzRlODBiNWFlZA==
Ta med deg ei t-skjorte, bukse, jakke eller noko anna som du har behov for å fikse. Eller ta med deg tøy/stoff som du vil redesigne!! Workshopen er på tekstilromet på Hareid ungdomsskule.

  • søndag kl. 09:30 – 12:00
  • søndag kl. 14:30 – 17:00

Gaming med Metizport 🎮(plass til fleire – rullere på PC-ane)

Metizport tar over gamingromet på Hareid. Her kan du møte opp og for eksempel bli med på turnering i Mario Kart eller Supersmash, eller berre henge å spele andre spel som du likar / vil teste ut.
Workshopen er i gamingromet til Hareid ungdomsklubb (kjellaren på rådhuset).

  • søndag kl. 09:30 – 12:00
  • søndag kl. 14:30 – 17:00

💃Danseworkshop med Thanura og Jetmund🕺(plass til ca. 10 stk. pr. runde)

Thanura og Jetmund er UKM-arar, som no går danselinja på Ålesund VGS. Dei har vore med på UKM i fleire år, og har ein ekte lidenskap for dans. Derfor håper dei at fleire vil bli med på danseworkshopen. Dei byr på eigenkoreografert dans. På workshopen får dei som vil, lære forskjellige teknikkar innanfor moderne og jazz-stilen. Det blir ulike kombinasjonar. Workshopen passar for alle og du må ikkje ha nokon form for tidlegare dansebakgrunn. Dei håpar at denne workshopen kan vekke den indre dansaren i deg og kanskje du vil fordjupe deg innanfor moderne eller jazz etter dette.
Workshopen er i gymsalen på Hareid barneskule, men oppmøte i sekretariatet på ungdomsskulen.

  • søndag kl. 09:30 – 12:00
  • søndag kl. 14:30 – 17:00

🎭Teater / drama🎭 (plass til ca. 10 stk. pr. runde)

Oline Ulstein Bigset skal halde workshop i drama/teater. Ho er busett i Hareid, har alltid god humor og er lett å få ein latter ut av. Ho har alltid hatt ei interesse for både sang og teater. Dette har ho fått utvikla innanfor ten sing. Gjennom ten sing har ho også funne ut at ho likar godt å lære bort teater / drama til andre. På denne workshopen er det spesielt 3 ting ho har fokus på: kroppsspråk og tilstedeværelse, samspel og lytting, og forteljing og uttrykk. Her får du lære korleis halde fokus og bruke kroppen til å uttrykke stemning og roller, samarbeid og utforske korleis stemmebruk og andre små verkemidlar kan påverke ei scene. Velkomen skal du vere!!!
Workshopen er i eit klasserom på Hareid ungdomsskule.

  • søndag kl. 09:30 – 12:00
  • søndag kl. 14:30 – 17:00

Teikneworkshop🖼️ (plass til ca. 10 stk. pr. runde)

Sølvi Abrahamsen er mentor for kunstnarane. I tillegg til å lage kunstutstilling med kunstnarane, opnar ho opp for ein teikneworkshop. Den er open for alle, og du treng ikkje ha kunnskap om teikning for å bli med!

  • søndag kl. 14:30 – 17:00

🪩Workshop med DJ Ursula og Sara Einbu🪩(plass til fleire)

UKM-veteran Magnus Nordbekk kjemtil UKM-festivalen i Møre og Romsdal med sitt show-konsept «DJ URSULA». Dette er di moglegheit til å vere med! Med seg har han Sara Einbu, ein veletablert koreograf og dansar kjent frå dei største kommersielle scenen i Norge. Ho har blant anna vore å sjå i TV-program som Melodi Grand Prix, Maskorama, Gullruten og P3 Gull. Saman skal dei lære bort fleire shownummer som skal brukes i festen DJ URSULA skal halde på kvelden.

Workshopen er open for alle, og du treng ikkje å kunne danse frå før (det kan ikkje DJ URSULA heller😉). Magnus og Sara ønsker at så mange som mulig blir med på å danse under kveldens show, men det er lov å vere med på workshop uten å vere med på kvelden! For dei som har lyst til å vere med på showet, ta gjerne med kle i fargane blått, grønt og alt som glitrar ✨Kveldens fest er ein feiring og eit rom for å vere akkurat den du har lyst til å vere, det er det aller viktigaste vi skal jobbe med. Bli med og dans, URSULA og Sara gleder seg til å bli kjent med alle<3

DJ Ursula skal vere DJ på UKM-festen, som er satt til søndags kveld. For at UKM-festen skal bli den beste UKM-festen nokon gong, treng vi UKM-ungdom som vil bli med å lage eit kult opplegg. Har du lyst til dette? Møt opp i sekretariatet og få meir info. 🤍

  • møt opp i sekretariatet for å registrere deg på workshop