Informasjonskriv til deltakarar
Her finn du informasjonen du treng for å vere klar til UKM Vestland Fylkesfestival Sør.

Her finn du informasjonen du treng for å vere klar til UKM Vestland Fylkesfestival Sør.
Ordensreglane for festivalen er:
- Respekt og toleranse er viktig under festivalen. Det skal vere rom for ulike meiningar, livssyn og veremåtar slik at alle kan kjenne seg trygge. Vi skal vise kvarandre omsyn og inkludere kvarandre.
- Det skal vere ro i sovesalane frå kl. 23:00. Leggjetid er seinast kl. 00.00
- Alle UKM-deltakarar må møte presis til prøvar, framsyningar og arrangement.
- All bruk av rusmidlar er forbode, og brot fører til heimsending for eiga rekning.
- Det er forventa at alle deltakarar er til stede heile helga. Dispensasjon må gis frå lokal kommunekontakt og produksjonen.
- Det er ikkje tillatt å forlate Åsane Kulturhus eller Tertnes vgs uten tillatelse frå din reiseleiar.
Arena
Fylkesfestivalen foregår på Åsane Kulturhus og Tertnes videregåande skule. Oppmøte er fredag 25. april kl. 16.00 ved Åsane Kulturhus. Transport organiserast av din kommune. Ta kontakt med din reiseleiar eller kommunekontakt. Workshops, fremsyningar, kunstvernissage, lunsj, middag og sosiale aktivitetar vert arrangert på Åsane Kulturhus. Overnatting, frukost og kveldsmat foregår på Tertnes videregåande skule. Vi arrangerar felles busstransport til og frå Tertnes Vgs til Åsane Kulturskule om morgonen og kvelden. Sjå tidar i programmet lengre ned i skrivet. Vi leggjer ikkje opp til å nytte Tertnes VGS på dagtid, når vi er på Åsane Kulturhus.
Adressa til Åsane Kulturhus: Åsane Senter 52, 5116 Ulset
Adressa til Tertnes videregåande skule: Tertnesveien 29, 5113 Tertnes
Overnatting
Alle deltakarar overnattar påTertnes VGS. Kommunane får tildelt klasserom slik at du overnattar med dei andre deltakarane frå di kommune og reiseleiaren din. Hugs å ta med liggeunderlag og sovepose. Det er tilgong på garderobe og dusj i underetasjen på skulen. På skulen er det klare reglar for stille og lys av. På klasserom skal det vere ro mellom 23.00 – 07.00. Lading av mobiltelefonar, PC-ar, nettbrett o.l. er forbode mellom 23:00 – 07:00. Om behov kan du lade ved sekretariatet (hovudinngang). Det blir nattevakter frå Røde Kors på skulen som sørger for at ingen utanfrå kan komme inn. Ha derfor alltid på deg festivalbandet som blir utdelt ved registrering ved ankomst. Alle deltakarar skal vere inne på skulen mellom 00.00 og 07.00.
Alkohol og andre rusmiddel Det er nulltoleranse for bruk av alkohol og andre rusmiddel på arrangementet. Bruk av alkohol eller andre rusmiddel fører til heimsending på eiga rekning.
Mat: Frukost og kveldsmat vert servert i kantina på Tertnes VGS. Lunsj og middag serverast i kantina på Åsane Kultursal. Gi beskjed så snart som mogleg om du har allergiar eller matpreferansar du ikkje har registrert i påmeldinga til din lokale UKM.
Sosiale media:
Følg med på instagram: ukm_vestland_fylkesfestivalsor eller snapchat: ukmvestland
Husband
Vi har eit husband med profesjonelle musikarar som kan spele med alle som treng det. Dette melder kontaktperson i kommunen inn via arrangørsystemet. Vi ønskjer at alle som har playback sender anten lenke til sin versjon av låten, lydfil, eller notar slik at bandet kan øve det inn. Det blir sett av tid til øving med husband slik at de er klare til konsert.
Lyd- og filmfiler
Dei som skal ha lydfiler på sitt innslag (m.a. dans) må sende oss lydfiler av god lydkvalitet slik at teknisk personell har dette klart til show og prøver. Det samme gjeld for dei som skal vise fram film. Lyd- og filmfiler sendast til olav@brilliancelive.no.
Kunst
Skal du vise fram kunst på kunstutstillina må du hugse å anten ta med kunsten til Askøy sjølv eller avtale med kommunekontakten din om levering til fylkeskommunen. Send mail til olav@brilliancelive.no med mål og ca. vekt på verka, så vi kan planlegge passande oppheng. Tenk også gjerne over kva verka betyr for deg til seinare intervju på festivalen!
Aktivitetar
Workshops: I tillegg til tekniske prøver, øvingar med husband og tilrettelegging av kunstutstilling, blir det aktivitetar og workshops gjennom heile helga. På festivalen blir det følgjande workshops:
Laurdag:
- Øving med husband* NB! obligatorisk for dei som skal fremsyne med husband laurdag.
- Kunstutstillingsworkshop – NB! obligatorisk for dei som skal stille ut kunst.
- Keramikkworkshop med Cone 7
- Instrumentreparatørverkstad
- Studio og låtproduksjon med Erik Hella
- Capoeira med CBF Bergen
- E-sport med Neverland Bergen
Søndag:
- Øving med husband. NB! Obligatorisk for dei som skal fremsyne med husband på søndag
- Låtskrivingworkshop med Monica Engeseth (Moyka)
- Keramikkworkshop med Cone 7
- Improworkshop med Bakscenen
- Profilering- og sosiale mediaworkshop med Bjørk Ellingsbø
- Afro-fusion dansworkshop med Jawa Hanlo
Vi sender ut oversikt, meir informasjon og påmeldingsskjema mandag 14. april kl. 12.00. Her er det først til mølla prinsippet som gjeld. NB! Det kan bli nokre endringar i workshopprogrammet.
Vernissage: Det blir vernissage når kunstutstillinga opnar laurdag kl. 16.00. Kom til fellesområdet ved kantina og sjå all kunsten som er laga av deltakarane!
Framsyningar: Det blir 4 framsyningar med innslag frå deltakarane på festivalen. Fredag kl. 19.30, laurdag kl. 13.30, laurdag kl. 19.15 og søndag kl. 14.00. Venner, familie og kjente er hjarteleg velkomen til å sjå på framsyningane! Det vert ikkje billettsal til framsyningane – berre møt i døra.
Sosiale aktivitetar: Alle sosiale aktivitetar skjer i regi av Unge Arrangørar. Ved ankomst blir det arrangert bli-kjent leikar for alle deltakarane og felles rebusløp. Seinare på kvelden blir det aktiviteter i regi av Unge Arrangører som karaoke, just dance, brettspel, bingo og jamsession. Det er også eit bibilotek tilgjengeleg for alle deltakarane på Tertnes vgs.
Laurdag og søndag legger Spillkultur til rette for ein Chillzone med konsollspel, rollespel og ulike brettspel på Åsane Kulturhus. Dei vil vere tilgjengelige for ungdom i alle pausar og mens workshops pågår.
Kontaktpersonar:
- For generelle spørsmål om festivalen, program, workshops, kunstutstilling, Unge Arrangørar, mat og overnatting:
- Olav Bjelland Brekke – olav@brilliancelive.no – 413 96 486
- For spørsmål om fremsyningar, sceneteknisk og sceneprogram:
- Ingrid Døssland – ingrid@lunmusic.no
- Mathilde Orlien – mathilde@lunsmusic.no
- Spørsmål om transport til Fylkesfestivalen:
- Kontakt reiseleiar eller kommunekontakt for UKM frå din lokale kommune.
- Kontakt reiseleiar eller kommunekontakt for UKM frå din lokale kommune.
Helsing oss i Brilliance Live; Olav Brekke, og Lun Music; Mathilde Orlien og Ingrid Døssland.
Vi gler oss til fylkesfestivalen UKM Vestland Sør!