Informasjon til deltakarar
Så bra at du meldte deg på! Vi ser fram til å oppleve ditt bidrag! 🙂 Det skjer laurdag 7.


Så bra at du meldte deg på! Vi ser fram til å oppleve ditt bidrag! 🙂
Det skjer laurdag 7.mars på HOVDEN grendehus!
FREDAG: Teknisk gjennomkjøring/lydprøver startar kl. 14.00 for Bykle og Hovden.
Teknisk gjennomkjøring/lydprøver startar kl. 15.00 for Valle.
Avreise frå Valle skule kl. 14 med Eliezer, Anna og Torunn Charlotte.
LAURDAG: Oppmøte for registrering/fellesinfo/generalprøve kl 11.00.
Avreise frå Rysstad kl. 0950 / Valle kl. 10 med Eliezer, Anna og Torunn Charlotte.
Transport Bykle : Fredag 6.mars tek alle deltakerar og arrangørar skulebussen til Hovden grendehus rett etter skulen. Deltakerar frå Bykle får transport heim på fredagen. Avreise seinast kl. 19.00 frå Hovden grendehus.
Laurdag 7. mars: 9 seteren går fra busslommen ved samfunnshuset kl. 10.00, KUN PÅMELDTE då det er begrensa plasser. (meld på til Ida, 95823738), siste frist torsdag kl. 12.00, oppfordrar dei i frå Bykle til å samkjøre opp. Deltakerar blir ikkje kjørt heim til Bykle på laurdag.
NB! Alle deltakarar må møte presist, elles ryk tidsskjemaet
og det fører til unødvendig stress!
MERK DEG FØLGJANDE:
· Alle MÅ møte presis!
· Ingen får øve på scenen på laurdag med mindre det er spesielt avtalt
– øvinga må du ha gjort ferdig på førehand
· Dei som har playback må sikre seg at denne er levert på førehand.
· Dei som skal delta med bilete/kunst, må levere til Hovden grendehus eller Eliezer
seinast torsdag 27.februar.
Kunsten vil bli stilt ut 1 veke før UKM, og vist som innslag på lerret
under konserten.
FREDAG:
LYDPRØVER/TEKNISKE PRØVER for sceneinnslag:
Startar kl. 15.00. Møt presist!
Du må vere førebudd på at det kan bli litt venting. Vi reknar med at vi er ferdige om lag kl. 1900, seinast – men det kjem faktisk an på kor godt alle har førebudd seg til denne kvelden. Og at alle er dei skal vere til rett tid, og har tenkt over kva dei skal gjere. Vi skal prøve å få lagt ut rekkjefølgja på lydprøver seinast torsdag, men kan ikkje love at vi rekk det. Unge arrangørar står for sosiale aktivitetar på fredag. Dette blir gøy!
Lydprøve (også kalla teknisk prøve) er ikkje det same som generalprøve, og du treng berre å vere til stades under di eiga lydprøve. Under lydprøven stiller lydteknikar Kjetil Carolis og Sondre Hoslemo inn lyd og lys slik at det blir som det skal vere under innslaget ditt – og så lagrar han dette slik at alt er klart til konserten. Så det er viktig at du syng/spelar mest mogeleg likt på lydprøva som du har tenkt å gjere på konserten.
Fredag og laurdag får du varmmat pluss at vi har open kiosk, gjerne ha med deg drikkeflaske.
Vi oppmodar til samkøyring. Du finn ut kven andre som skal delta ved å gå inn på www.ukm.no, ”Finn din mønstring” og ”Påmeldte” (namna kjem opp under ”Klikk for å se detaljer”, som du finn til høgre i boksen for kvart innslag).
LAURDAG:
GENERALPRØVE og KONSERT:
Oppmøte for registrering kl. 11.00
Det er svært viktig at alle møter presis. Alle må registrere seg ved oppmøte. Då får du utlevert deltakarbevis og program.
Alle må ta ansvar for å følgje godt med på det som skjer under generalprøven, og setje seg inn i rekkefølgja på programmet! Vi passar på at du kjem deg på scenen til rett tid, men du må jo sjølv passe på at du er der du skal vere backstage så vi finn deg!
Generalprøven skal gjennomførast mest mogeleg lik konserten.
Alle deltakarar får eit varmt måltid kl. 14.00 – 15.00, før sjølve konserten.
Har du behov for meir, må du anten ta med deg niste eller handle i kiosken.
Ha gjerne med deg vatn/drikkeflaske – det blir ein ganske lang dag!
Sjølve konserten startar altså kl 15.30 på laurdag.
Spread the word, så vi får mange i salen! 🙂
Publikum 13-19/skuleelevar: gratis inngang. Over 19 år og familiar: kr. 50.-.
Vi reknar med å vere ferdige om lag kl. 1700
(avhengig av om det blir pause i konserten eller ikkje).
VEL MØTT, og LYKKE TIL! 🙂
Spørsmål? Kontakt TORUNN CHARLOTTE NYBERG på tlf 970 61 587, Valle
eller IDA OLSEN-SUND på tlf 958 23 738, Bykle