Kva er det du seier?!? Har du ikkje meldt deg på enno? Slapp av, det er fortsatt tid igjen.
Påmeldingsfristen går ut torsdag 7. februar. Fram til den tid kan du melde deg på til UKM.
Du kan stille som del av ei gruppe, åleine eller saman med ein venn eller venninne. Usikker på kva du kan stille med?
Still med kva du vil, så lenge du kan stille det ut eller framføre på ei scene. Det kan for eksempel vere:
• arrangør: lyd, lys, rigge og organisere
• dans, drama, teater, revy, sketsj
• data, multimedia, heimeside
• filming / kameraproduksjon
• handverk: kles- og møbeldesign, saum, vev, strikking, hekling, dreiing, knivmaking, bast- / sponfletting, flugebinding osb.
• hårklipp
• idrett: drill, tae kwon do, trampoline, triksing med ball m.m.
• kulturvern, slektsgransking, oppgåver om gamle ting, samling av gamle ting osb.
• kunst: akvarell, blyant, maling, tresnitt
• media: skrive, foto, publisere på nett
• musikk, foto, samlingar, litteratur: dikt, novelle, stil m.m.
Vi ønskjer spesielt at fleire deltek på utstillinga med alt muleg – på scena med band, teater, revy eller sketsj – som media (nettredaksjon) og arrangør – og ikkje minst ønskjer vi fleire frå 13 år og oppover.
Husk at det er lov å stille med arbeid de har gjort på skulen.