Årre! Påmeldinga til UKM er open allereie!
I år er vi ekstra tidleg ute, så det er berre å begynne å planlegge kva du vil delta med! Du kan stille som del av ei gruppe, åleine eller saman med ein venn eller venninne. Usikker på kva du kan stille
15. nov 2019
I år er vi ekstra tidleg ute, så det er berre å begynne å planlegge kva du vil delta med!
Du kan stille som del av ei gruppe, åleine eller saman med ein venn eller venninne.
Usikker på kva du kan stille med?
Her er nokre eksempel:
- arrangør: lyd, lys, rigge og organisere
- dans, drama, teater, revy, sketsj
- data, multimedia, heimeside
- handverk: kles- og møbeldesign, saum, vev, strikking, hekling, dreiing, knivmaking, bast- / sponfletting, flugebinding osb.
- hårklipp
- idrett: drill, tae kwon do, trampoline, triksing med ball m.m.
- kulturvern, slektsgransking, oppgåver om gamle ting, samling av gamle ting osb.
- kunst: akvarell, blyant, maling, tresnitt
- media: skrive, foto, publisere på nett
- musikk, foto, samlingar, litteratur: dikt, novelle, stil m.m.
Vi ønskjer spesielt at fleire deltek på utstillinga med alt muleg – på scena med band, teater, revy eller sketsj – som media (nettredaksjon) og arrangør – og ikkje minst ønskjer vi fleire frå 13 år og oppover.
Husk at det er lov å stille med arbeid de har gjort på skulen.