UKM Veteranen Stine
15 år gamle Stine Longva Veddegjerde frå Hareid er med på UKM for 5, året på rad.

Ho seier sjølv at ho aldri vert lei.
Ho forstår godt om folk synes det er litt skummelt å melde seg på i og med at det er mange som ser på, og ho kjenner kvart år på nervane sjølv. Etter hennar erfaring så går det alltid bra. Det er mange til stades som støttar, og vil hjelpe til med å skape ei fin oppleving for alle.
UKM er for ho ein fin måte å utrykkje seg på, og det er ingen grenser for kva tema ein kan vise fram. Stine har vore innom heile fire tema som: song, kunst, video og konferansier. “Dette er eit sosialt og kjekt arrangement for ungdomen, og det er lett å møte og bli kjent med folk med same interresser som deg sjølv.” seier ho.
Stine vil oppfordra folk til å melde seg på og seier:
“Det er ikkje noko å vere redd for, det er ingen som dømmer deg for noko som helst. Det er berre å melde seg på!”.
Elise Bergseth