Marthe stiller med eigenskriven låt på UKM!

Marthe (14) skal i år delta på UKM med eigenskriven låt! Ho var også med i fjor, men skal for fyrste gang framføre eigenskriven låt. Marthe skal synge og spele gitar, og blir på scena koret av Ingrid Gjerde og Isabella Campos.

Marthe (14) skal i år delta på UKM med eigenskriven låt! Ho var også med i fjor, men skal for fyrste gang framføre eigenskriven låt. Marthe skal synge og spele gitar, og blir på scena koret av Ingrid Gjerde og Isabella Campos. Alle tre er 14 år gamle og går på Ulstein ungdomsskule.

 

Kan du fortelje litt om deg sjølv?

Eg heiter Marthe og får sangundervisning på Ulstein kulturskule. Eg spelar også handball og driv med klatring. Eg er veldig glad i musikk, og likar å synge og skrive eigne songar. Eg likar veldig godt å gjere ting som utfordrar meg, seiar ho og smilar.

 

Kor lenge har du jobba med denne sangen?

Eg har jobba med sjølve sangen i 3 veke. Det går fort å skrive når ein fyrst har sett i gang!

 

Korleis vart sangen til? / kva handla den om?

Eg byrja prosessen med å leike med gitaren min og ord. Etterkvart vart det til ein sang. Sjølve teksta i sangen handlar om å fylgje draumane sine, og derav sangnamnet: “My dream”

 

Korleis blir det å framføre med eigen song?

Det blir litt skummelt sidan der ikkje er nokon fasit på korleis det skal framførast, men eg gler meg mykje til å prøve noke nytt, og ikkje minst spele framfor eit så stort publikum.

 

Har du andre forventninga no enn tidlegare?

I fjor gjekk eg verken på sang eller gitar, noko eg derimot gjer i år. Eg har difor hakke større forventingar i år enn fjoråret. Det blir difor meir utfordrande enn føre gang, men også sjølvsakt meir spanande.