Musikalsk duo fra Hareid

Thyri er 15 år og har i år meldt seg på UKM med Svenning Veiseth(17 år). Dei skal framføre songen “Focus” av Sigrid.

Thyri og Svenning

Thyri er 15 år og har i år meldt seg på UKM med Svenning Veiseth(17 år). Dei skal framføre songen “Focus” av Sigrid.

Thyri skal syngje og Svenning akkompagnerar på flygel.

 

Kan du fortelje litt  om deg sjølv?

-Eg er frå Hareid, og spelar tverrfløyte. Eg skal byrje på piano til hausten. Eg er med i Hareid Tensing og ellers på fritida går eg på speidar.  Eg er glad i å være med venar og å sjå på Netflix.

 

Kva gjorde at du ville melde deg på UKM?

-Eg hadde lyst i fjor men eg tok ikkje sjansen, i år var eg og veldig usikker men eg følte veldig for å gjere det. Eg er veldig glad i å syngje.

 

Kvifor har du ikkje meldt deg på før?

-Eg hadde veldig lyst i fjor men tok ikkje sjansen, det verka litt skummelt!

 

Kva song skal du synge, og har du nokon til å spele for deg?

-Eg skal syngje songen Focus av Sigrid og er heldig som har fått med Svenning Veiseth på Flygel.

 

Korleis kjenne dokke kvarandre?

-Vi har gått på same skule. Vi har og gått på Tensing i lag, og gjer fortsatt det!

 

Kva forventningar har du til UKM?

-Eg håpar på å gå vidare selvfølgelig, det gjer jo alle! Og at eg får møte nye folk og får nye vennar!

Eg håpar at det går fint og at eg kan få betre erfaring på scene med publikum.

 

Er det noko spesielt du gledar deg eller gruar deg til?

Eg gruar og gledar meg til å syngje foran publikum, men det blir kjekt!

 

Mona Våge
UKM Media