Møt fleirkameraproduksjon gjengen

Kven er dokke? Vi e Arjan, Thomas, Oliver, Benjamin og Kamilla som gjengen som står bak fleirkameraproduksjonen under årets UKM, og kjem frå Herøy lan.   Kva syns du/dokke om å arbeide på UKM? “Eg syntes det er gøy og lærerikt å vere med

  • Kven er dokke?

Vi e Arjan, Thomas, Oliver, Benjamin og Kamilla som gjengen som står bak fleirkameraproduksjonen under årets UKM, og kjem frå Herøy lan.

 

  • Kva syns du/dokke om å arbeide på UKM?

“Eg syntes det er gøy og lærerikt å vere med på ditte” -Arjan.

 

  • Er det omfattande å drive med slikt arbeid?

Til tider kan det vere vanskleg og lage til ein slik produksjon, særleg når vi ikkje har alt vi treng. Om vi berre manglar ein kabel kan det verte vanskleg og få laga ein slik produksjon, fordi om vi ikkje får tak i den kablen vi manglar får vi ikkje sette opp produksjonen.

 

  • Kva er positivt med at vi har fleirkameraproduksjon?

Det er kjekt å filme for eksempel UKM, slik at ein har noko å sjå tilbake til i etterkant av UKM. Vi synes det er stort å få bli med på å lage dinne produksjonen. Det er litt som idol, der du har fleire kamera og vinklar, på den måten får vi bevegelse i bilde.

 

  • Kva kan vere utfordringa med å ha ein slik produksjon?

Utfordringa med ein slik produksjon er at vi ikkje får bilete i fokus. Noko av det verste er når teknologien ikkje vil samarbeide, som for eksempel når bilete forsvinn, og lignande.Då kan det vere vanskeleg og få fiksa det til tider, men det ordnar seg ofte til slutt.

Henrikke Antonsen
UKM Media, Tekst og foto