To kunstnarar frå Ulstein

Signe Aamodt Støylen og Elin Skavnes Våge har stilt ut kunst på året UKM.

 

Kvifor stilte dokke ut kunsten dykkar?

Elin seier at ho gjorde det fordi det er kjekt å vise kva man kan til resten av kommuna, og det er veldig gøy for ein får møte folk som driv med det samme som ein sjølv gjer.

Signe seier at ho var med første gang i fjor og kom vidare til fylkesmønstring, og det synes ho det var veldig gøy.

 

Kva er forventningane dykkar?

Elin seier at ho trur at det kjem til å bli veldig gøy, og det er ganske kjekt å få profesjonell evaluering.

-Eg trur det kjem til å bli ein kjekk kveld med god underholdning.

Signe var ikkje med under forestillinga i fjor, og gler seg derfor til å sjå showet frå publikum.

 

Kva inspirerte dokke til å lage kunsten?

Elin har kunstverket nummer 5, og har maleriet gris.

Signe har kunstverket nummer 28 og har to kunstverk utstilt som heiter: sommernatt og små, men viktige.

 

-Det var eit bilete som eg skulle herme etter, altså eit bilde av en ekte gris, det var veldig spennande å få med så mange detaljar, seier Elin.

 

-På det første bildet hadde eg same “oppgåve” som elin der eg skulle måle eit bilete. Då tok eg eit bilete som eg hadde tatt sjølv og var fornøgd med!

Det andre bildet lagde eg på kunst-workshop. Der er biene er eit viktig symbol i biletet. Det er masse i media om at biene er i ferd med å bli utrydda, der er for lite bier i verden og vi må gjere noko, derfor lagde eg eit bilete med biar ved hjelp av 4 grunnfargar.

Mona Våge
UKM Media