Klare for fylkesfestival!
Juryane for scene og kunst hadde ei utfordrande oppgåve med å velje ut kven som skal representere Ulstein og Hareid under fylkesfestivalen i Kristiansund 3.-5.mai. -Vi set stor pris på innsatsen til dei sju som sat i scenejury og dei tre

Juryane for scene og kunst hadde ei utfordrande oppgåve med å velje ut kven som skal representere Ulstein og Hareid under fylkesfestivalen i Kristiansund 3.-5.mai.
-Vi set stor pris på innsatsen til dei sju som sat i scenejury og dei tre som sat i kunstjury, seier arrangørane frå Hareid og Ulstein.
Juryen har kriterier som må følgast. UKM (Ung Kultur Møtast) er ingen konkurranse, men ein arena for å vise det kulturelle mangfaldet i kommunane. Medan aldersgrense for lokalmønstring er frå 10-20 år, er det berre dei som blir 13 i år og opp til 20 år som blir vurdert for fylkesfestival.
Følgande har scenejury valt vidare for å representere kommunane:
HAREID
Ufokusert med låta «Special» (sjølvlaga)
Liv Ellen Overå og Svenning Veiseth med låta «Think Of Me»
Brøytekant med låta «Forelska i lærer`n/TNT»
Pluss FILM/MUSIKKVIDEO: «BFF» av og med Stinge Longva Veddegjerde og Martine Brandal Haugen
ULSTEIN
Pink Guitar med låta «You Give Me» (sjølvlaga)
Emile Ngoy (sjølvlaga dans)
Åsa Hauge, Ida Brevik og Thomas Frekøy Skeide med låta «Love Like This»
Følgande har kunstjury valt vidare:
HAREID
Maria Bjåstad Hustadnes med «Freddie Mercury» (blyantteikning)
Pritty Ravi med «Sannheten bak masken» (akvarellmåling)
Martine Brandal Haugen med «Stjernenatt» (akrylmåling)
ULSTEIN
Nikoline Moldskred med «Utan tittel» (akvarell)
Marius Stadeløkken med «Utstillingsobjekt» (installasjon)
Johannes Sæter Gurskevik med «Fire årstider» (foto, serie)
I tillegg har arrangørane høve til å nominere 1-2 kandidatar innanfor UKM Media, konferansier og ung arrangør. Det er arrangør av fylkesfestival som avgjer kven av dei nominerte som får delta. Dette får ein svar på om eit par veker.
KONFERANSIER:
Elise Bergseth (Hareid)
Synnøve Rabben (Ulstein)

Stine Longva Veddegjerde (t.v.) er med til fylkesfestival med musikkvideoen «BFF». Synnøve Rabben (i midten) er nominert som konferansier frå Ulsterin medan Elise Bergseth (t.h.) er nominert som konferansier frå Hareid. John Arne Apelseth (nr to f.h.) er nominert innan UKM Media frå Hareid. Frå Ulstein er det Mona Våge og Victoria Myklebust som er nominert innan UKM Media. I tillegg er tre unge arrangørar nominert til fylkesfestival frå våre kommunar.
Ung arrangør:
Anders Pilskog (Hareid)
Anna Natalie Ballo Hov (Ulstein)
Amanda Osnes Låbakk (Ulstein)
UKM Media:
John Arne Apelseth (Hareid)
Mona Våge (Ulstein)
Victoria Myklebust (Ulstein)