– Eg har alltid likt å synge!

Blant mange påmeldte finn vi 17 år gamle Dagni Myrene, Ho skal synge under årets UKM og har slått av ein prat med oss!

Tekst : Mona Våge

-Eg meldte meg på fordi det er veldig gøy å framføre, man får mestringsfølelse og eit skikkeleg adrenalinkick, seier Dagni Myrene om påmeldinga.

Dagni Myrene er påmeldt til årets UKM! Foto: privat

Dagni studerer ved musikklinja hjå volda vgs og er på sitt 2. år der, elles er ho aktivt medlem i Ulstein tensing og tek musikktimar ved kulturskulen.

Korleis blei du interessert i musikk?

-Eg har alltid likt å synge og blei glad i å framføre etter eg byrja på kulturskulen. Det hjalp meg både til å tørre å stå på scena og eg blei meir trygg på meg sjølv, og alt dette gjorde at eg song betre!
Så eg byrja på musikklinja og der lærte eg fleire teknikkar og etterkvart som eg blei betre vart eg enda tryggare, og det å stå på scena blei bere kjekkare!

UKM er eit arrangement for alle, og Dagni var klar på kva som var det beste med tilbodet!

-Det beste med UKM er den lave terskelen, man treng ikkje vere superstjerne for å vere med!

Til slutt lurte vi på kven som var inspirasjon og førebileta hennar og dette var helder ikkje vanskeleg for Jenta frå Haddal å svare på!

-Utan tvil Brendon Urie, Vokalisten i Panic at the disco, Han har utruleg mykje energi på scena og et enormt stemmeregister!

Laurdag kveld klokka 18 brakar det laust, og du har fortsatt moglegheita til å skaffe deg bilettar på Sjøborg sine nettsider! Vi ønskjer alle deltakarar både forran og bak scena lykke til!