Konferansierane i full sving til UKM
No nærmar helga seg med stormskritt, og det er berre 1 dag til salen fyllast opp og UKM Hareid & Ulstein går av stabelen

Tekst & foto: Victoria Myklebust

Konferansierane har høge forventningar til årets UKM og jobbar på spreng med førebuing til den store dagen. På Bell ungdomsklubb sit dei å klipper manuskort til lørdagen. Dei fordeler manus og planlegger introduksjon av deltakarane.

Stine Longva Veddegjerde (17) frå Hareid er ein av dei påmeldte konferansierane. Stine har deltatt på ukm heilt sidan ho var 11 år, og ho har mykje sceneerfaring.
Eg sa eigentleg til meg sjølv at eg ikkje skulle vere med på UKM i år, men eg klarte til slutt ikkje holde meg unna, ler Stine

Ferskingen Joshua (15) frå Ulsteinvik er spent på å vere konferansier på UKM for første gang. Han meldte seg på fordi vennane hans pusha han til å melde seg på, og han tenkte det ville bli kjekt å prøve noko nytt.
– Eg føler at alle konferansierane er imøtekommande, og eg har blitt tatt godt imot av resten av gjengen, seier Joshua
Dei gler seg alle til UKM og håper det blir ein minnerik kveld for både deltakarar og publikum. Konferansierane har ikkje så mykje nervar heilt enda og dei ser fram til å gå litt ut av komfortsona deira.
– Eg trur vi blir stressa fem minutt før vi går på scena, men når vi står der ute har vi gløymd alt stresset og berre kosar oss, uttalar Sigurd Bigset frå Hareid. Sigurd er også ein vi ser mykje av på scena på laurdag.