Har du lyst å bli med på UKM, men veit ikkje med kva enda? Sjekk ut her!
Der er mange spanande oppgåver innanfor UKM. Blant anna scene-innslag, kunst, ung arrangør, UKM Media og konferansier!

Det er ikkje alltid like lett å vete kva ein skal vere med på under eit arrangement som UKM. Nokon elskar alt som har med rampelyset å gjere, medan andre likar seg betre bak i kulissene. Uansett kva, finn vi i UKM alltid ein plass til deg! I denne artikkelen har Stine samlet opp ulike områder DU kan vere med på under UKM Lokalfestivalen!
Scene
Via scene kan du bidra med så og sei alt du ynskjer oppe på scena. Det kan vere alt frå song, dans, instrument, band, dikting, magi, film og til og med skodespel. Eit godt scene-innslag er alltid kjekt å ha, også om det er noko utanom det vanlige. Tidlegare har eg sett både triksing med biljard og musikk laga av ein tappeslange, så her er det berre fantasien som setter grenser!

Kunst!
Likar du å utrykke deg kunstnerisk, men ikkje oppe på scena? Då kan kunst vere noko for deg!
På kunst får du vist fram dine eigne kunstverk og collager! I tillegg blir alle verka stilt ut under ein fantastisk kunstutstilling som du blir med på å skape! Du kjem til å møte masse folk med same interesse, og ikkje minst bli INSPIRERT!
Arrangør!

For å kunne halde eit bra show, er vi avhengige av gode arrangørar. Derfor er unge arrangørar noko av det viktigaste vi har på UKM!
Som ung arrangør får du bli med bak i kulissene og sjå korleis eit show tar form. Du vil få bli med under planlegginga av UKM Lokalfestivalen, passe på at artistane har det bra, holde orden backstage og på greenroom, samt hjelpe til der det trengs! Vi er avhengige av nok unge arrangørar til å gjennomføre lokalfestivalen, så ta med deg en venn og bli med!

UKM Media
Er du interessert i bildetaking eller promotering? Har du ein indre journalist i deg og ynskjer å skrive artiklar som dette her? Bli med oss i UKM Media da vel! Her hos oss får du erfaring innen bildetaking før og under sceneshow. Du får skrive artiklar som dette, intervjue artistar og publisere gode historier! Viss du i tillegg har ein indre skaparspire rundt video-redigering og SoMe, er det berre å melde seg på!
Konferansier!
No som vi har scene-innslag, kunstner, arrangørar og gode fotografar. Kva manglar vi då? Jau, Konferansierar!
Konfransierane er den raude tråden under ei forestilling. Dei er med frå start til slutt for å geleide publikum gjennom eit forrykande show! Dei har i oppgåve å bli kjent med deltakarane og scene-innslaga. Dei skal presentere og formidle artistane på best mulig måte, samt sprette ut på scena om det skulle oppstå noko uventa. Likar du å prate framfor folk og få andre til å gløde, då er dette noko for deg!

Kva ventar du på?
Som dokke kan sjå, er her mykje spennende å velje mellom. Både scene, kunst, arrangør, UKM Media og konferansier! Og det beste av alt er at du ikkje treng å velge berre ein ting. Om du ynskjer å synge på scena, samtidig som du vil publisere gode artiklar – Ja, då melder du deg på under begge kategoriane. Så enkelt, og så fantastisk er det!
Så kva ventar du på? Meld deg på i dag!
Skrevet av Stine Longva Veddegjerde