Hels på dei fyrste deltakarne!

Nysgjerrig på kven som deltar i år? Bli med og hels på dei fyrste deltakarane som har meldt seg på så langt!

Det er mykje spanande å bli med på under UKM. Blant anna sceneinnslag, kunstutstilling, unge arrangørar og UKM Media! I denne artikkelen har vi fått med oss deltakarar frå alle desse felta, og spurt kva forventningar dei har til det komande arrangementet? Har dei deltatt før, og kvifor ville dei bli med i år? Så langt har 7 personar meldt seg på, men det er enda lenge til fristen går ut 1.august.

Songaren Jetmund!

Jetmund Liaset-Rætta (15år)

Jetmund Liaset-Rætta (15år) skal delta på UKM med songen «Tattoo-Loreen». Han har vurdert å melde seg på UKM tidlegare, men fekk ikkje gjort det før no. Rætta fortel at han alltid har hatt eit spesielt forhold til musikken. Han kjem frå ein musikalsk familie, der han tidleg blei introdusert for dette. Mora likar å synge og faren spelar i band, men det er ikkje berre musikk Rætta interesserer seg for. Han er også glad i å danse og engasjerer seg i Ten Sing Hareid. Under intervjuet fekk han spørsmålet om han kunne tenkje seg å satse på musikken vidare. Då fekk oss til svar at danselinja frista mest, men musikken kom fortsatt til å vere med han:)

Gle dykk til å høyre Jetmund framføre låta «Tattoo-Loreen». Han fortel sjølv at den har ein spanande oppbygging og uventa vri:)

Kunst-duoen Rakel og Sophii

Sophii Amraani Ibrahim-Øvrelid (12år)

Rakel Bjåstad (12år) og Sophii Amraani Ibrahim-Øvrelid (12år) er gode veninner! Begge er glade i å drive med kunst, og skal stille ut kunstverka sine under UKM Lokalfestivalen. Det var på ei kunstutstilling via kulturskulen dei fyrst fekk høyre om UKM. Veninnene syntes dette hørtes spanande ut, og Sophii seiar at ho likar å kasta seg ut i nye ting. Dette blir deira fyrste år på UKM.

Rakel Bjåstad (12år)

Rakel skal stille ut både måleri og skulpturar. Ho fortel vidare at ho likar å jobbe med leire, og har laga skåler tidlegare.

Sophii skal stille ut to bilete. Det eine er eit måleri, medan det andre er anime. Desse har ho kalt for «Bunbun in space» og «Nezuko«. Ho seie at ho er veldig glad i anime og teikning, og har teikna sidan ho var 3år.

.

.

Pranaya Selva (15år)

Ung arrangør og songar Pranaya

Pranaya Selva (15år) har deltatt på UKM i mange år. Fyrste året deltok ho med song og var berre 10år. Tradisjonen tru fortsatte ho med song dei neste åra på UKM, og til sommaren skal ho på Landsfestivalen i Trondheim. Vi spør ho kva ho synest om UKM so langt.

«Det er ein minnerik, minneverdig og gøy opplevelse.» fortel ho og smilar

På Lokalfestivalen til Hareid tenkjer ho å synge, men har ikkje bestemt seg for kva song enda. Forskjellen i år er at ho ikkje berre skal delta med song, men også vere ung arrangør. Selva er glad i å planlegge og organisere, så ho er glad for å få denne moglegheita. Ho engasjerar seg også i ungdomsrådet til Hareid, der ho blant anna blei tipsa om arrangør-rolla til UKM.

Stine frå UKM Media

Kva med UKM Media? Har vi nokon deltakara derfrå? Sjølvsagt! Eg (Stine Longva Veddegjerde) er 20 år og har deltatt på UKM i mange år. Eg har deltatt med song, film, musikkvideo og som konferasier, men i år deltar eg via UKM Media. Eg har alltid vore glad i å snakke og bli kjent med nye folk. Skrive noveller og kreative tekstar har også fanga mi interesse i løpet av åra. Så dermed tenkte eg at UKM Media passa midt i blinken for meg! Men teamet mitt er nokså lite enda, så om du har ein journalist-spire i deg eller likar å ta bilde må du berre bli med:)

Stine Longva Veddegjerde (20år)

Skrevet av Stine Longva Veddegjerde