Brøytekant lagar «bråk»
Bandet består av 5 rastlause karar

Bandet Brøytekant består av Johannes «Basse» Bjåstad (16) på song, Matias Brandal (19) på rytmegitar, Johannes Kristiansen (19) på gitar, Even Bjåstad (18) på bass og Adrian Røren (18) på trommer. Vi i media intervjua dei, og det var ikkje mykje ro å få i rommet.
-Spesielt har Matias og eg ei lang historie saman, men bandet vart først starta opp for 4 månader sidan, fortel Adrian. Dei to gutane fikk med seg Johannes Kristiansen og Even Bjåstad, og etterkvart blei også Johannes Bjåstad – populært kalla Basse – med i bandet. Sidan har dei øvd stort sett annankvar kveld. -Som eigentleg er alt for mykje, sleng Johannes inn. Songen eller «mash-upen» dei skal spele på UKM er «Forelska i læraren» av The Kids og «TNT» av AC/DC. Då dei spelte på lokalmønstringa, rauk fleire av strengane til Matias, som då endte med tre færre strengar og ingen lyd, fordi dei hadde gløymt å kople opp lyd på gitaren hans.
Rollene i bandet er variert. Johannes er sjefen og blir vanlegvis småsur når dei andre rotar, slåst eller ikkje følger heilt med. -Som dei ofte gjer, flirer han. Johannes er som oftast ein rastlaus kar som har det kjekt på øving likevel. Matias er bandets «bestefar» med dei enkle tre begrunnelsar. Han betalar for alt, pratar som ein bestefar, og har ei hørselsskade. Han er ein livleg fyr som alltid er full av energi. Basse passar alltid på at øvingslokalet ikkje blir øydelagt av Matias sine ablegøyer. Adrian er bandets primadonna og blir veldig hårsår om han ikkje får telje opp før ein song. -Han kan derfor gjerne vere sur resten av øvinga, blir bandet einige om. Even er den rolegaste og mest samla i gjengen, han er kanskje stille, men kjem ofte med gode comebacks. På scena lausner det, og du ser Even gjerne nikke til rytma med bassen i armane.
Korleis føler dykk det gikk på lydprøva?
-Det kunne gjerne vore høgare lyd, seier Johannes.
-Men eg meiner vi kunne hatt litt meir oppvarming, smilar Basse.
Har dykk nokon forventingar til førestillinga?
Det blir rock n’ roll, vi håpar på eit levande publikum som henger med, og målet er å lage mest mulig stemning og få med publikummet, seier Matias og gliser.
Alt i alt er Brøytekant ein gjeng ivrige karar frå Hareid og Ulstein som kjem for å spele sin egen-kategoriserte «sletne rock» og lage god stemning.