-Når andre smiler og har det kjekt, har eg det bra!

Amanda Osnes Låbakk (14) angrar ikkje på at ho melde seg på UKM.

Kva er rolla di på UKM?
-Eg er UA, som står for Ung Arrangør. Eg har fått vore med på litt forskjellig, men hovudsakleg har eg vore produsent av minikonsertane. Eg har også rigga scene, styrt litt lyd og lys, og ikkje minst vore artistvert. Eg prøvar å gjere mitt beste uansett kva rolle eg har.

Kvifor meldte du deg på?
-Det er kjekt og vere med å arrangere noko, for å sjå at andre har det kjekt og smilar. Då har eg det bra, og det gjer meg glad! Det er med andre ord veldig givande å bli med, og eg har fått blitt kjent med mange nye folk, og det likar eg veldig godt.

Kva har vore den beste opplevinga?
-Utanom å nemne musikken, må det utan tvil vere den sosiale delen, og det å møte nye folk. Det er morosamt å finne på sprell med dei nye vennane eg har fått igjennom dagen, smilar ho.

-Om eg skal beskrive helga med tre ord? Ja, det må vere morosamt fordi det skaper ei god oppleving, fantastisk må eg nemne med tanke på den fine musikken, og til slutt dei gode minna eg sit igjen med etter helga.

Avslutningsvis oppmodar ho andre til å melde seg på til neste år. -Det er ei god oppleving, og ein får ei heil masse med kunnskap på kort tid.