-UKM er livet!

Erling Lilleby Jensen er 15 år og frå Sunndal. Han stiller som konferansier under UKM-fylkesfestivalen i Møre og Romsdal.

Kan du beskrive deg sjølv?
– Eg er optimist, livleg og veldig glad. Eg har også fått høyre at eg er flink til å gjer folk glad, seier Erling.

Kva driv du på med i fritida?
– På fritida mi spelar eg paintball og sit i styret i Elevorganisasjonen. I tillegg er eg òg politisk interessert.

Har du nokre forbilder?
– Eg er mitt eige forbilde.

Kvifor meldte du deg på?
– Det er ei artig historie til kvifor eg meldte meg på. Der var ein konsert arrangert av kulturskulen. Konferansieren der meldte seg sjuk, og eg vart spurt om å steppe inn to minutt før start. Etter konserten og mitt forsøk på å vere konferansier, skjønte både eg og fleire at dette var eg god på. Så eg meldte meg dermed på UKM etter at nokon anbefalte meg det.

Dette er ditt 2. år på UKM, kvifor meldte du deg på igjen?
– Fordi UKM er veldig artig, UKM er digg å UKM er livet.

Vil du anbefale andre å melde seg på?
– Eg vil anbefale kvar sjel til å melde seg på fordi det er kjempeartig, og ein møter masse nye mennesker.

 

Mona Våge
UKM Media