Vil få fram tabubelagte følelsar gjennom kunst

Amalie Løwe (17) brukar kunst til å uttrykke ungdom sine følelsar

Amalie Løwe er 17 år og kjem fra Aukra. Ho er kunstelev ved Molde VGS, og driv med kunst og politikk på fritida.

Ho har stilt ut verket “Grinebiter’n” som handlar om korleis ungdommen sine følelsar vert sett på som tabu.
-Ungdom vert ikkje tatt seriøst, dersom for eksempel ungdom uttrykker seg i ei sak som har betydning for dei – blir dei sett på som grinebitar.

Ho har vore med på UKM fleire gonger!
– Eg syns UKM er koseleg og har alltid hatt det kjekt på fylkesfestivalen, men eg har aldri vore på landsfestivalen.

Kva kunst lika du å lage?
– Eg likar å lage kunst av mennesker for det meste, men også karikatur.

Har du nokre forbilde innan kunstverdenen?
-Frida Kahlo og Edvard Munch meiner eg er gode forbilde!

Ta turen innom Braatthallen for å nyte den fantastiske utstillinga.

Mona Våge
UKM Media