-Det er veldig hektisk

Marit Grytnes Dullaert er UKM ansvarleg for Kristiansund.

Vi i redaksjonen har lurt på kven som står bak dette arrangementet for helga, så vi tok derfor ein prat med Marit som er ein av dei som står bak.

Kven er du?
Eg heiter Marit, og eg jobbar som rådgjevar i barne- og ungdomskultur. Eg er kommunens representant som arrangør og kontaktperson for vertskommunen Kristiansund. Det betyr eigentleg at eg er ansvarleg for det tekniske rundt forestillingane.

Kva syns du om UKM?
-Det er fantastisk å få samla så mange ungdommar frå fylket, og det er veldig fint at ungdommane får møtast. Ikkje minst er det kjekt for ungdommane, slik at dei kan bli kjent på tvers av kommunegrensene.

Er du kjent med UKM?
– Nei eg har ingen erfaring og har ikkje våre med før. Dei siste tre månedane har eg vert med på mi første lokal og fylkesmønstring. Det har våre veldig kjekt men òg veldig hektisk.

Beskriv UKM-helga med 3 ord.
– Travel, ungdomsglede og kunst.

Mona Våge
UKM Media