Lets taco `bout it..

Kvar vart fredagstacoen av?

Dei siste åra har taco blitt servert på både fylkesfestivalen og landsfestivalen. I år vart det ikkje servert taco i Kristiansund, og det gjorde at fleire vart misfornøgde. What happend??? Vi spurte folk om kva tankar dei har om at tacofredag vart fjerna denne helga. Tidlegare i ei sak – 5 på UKM – stilte vi det vanskelege spørsmålet «pizza VS taco». Vi fant fort ut at det ikkje var eit så vanskeleg val som vi tenkte, og vi såg fort mønsteret i svara. Taco vart den store vinnaren, og alle håpte på taco i helga. Slik vart det altså ikkje!

Av dei vi prata med – svarde alle at det var svært skuffande at tacoen blei utelatt frå UKM i Kristiansund. Dette vil bli notert og sendt vidare til høgste hald! Vi valde å sitere nokre på denne saka.

– Hjerteknusande er det at det ikkje var taco i år, for det var noko eg såg fram til! seier Sanna Steinshamn Reinfjord(15).

-Det er krise! Det burde våre servert taco, seier Noah Andersen (15) bestemt. Han var påmeldt med band, og er lei seg for at bandet ikkje fekk taco.

-Bro! Det burde ha vore taco, fordi det lagar stemning, ropar Twana Mikail mens han peikar på alle kompisane, og alle nikkar trist.

Tilogmed produsenten for mønstringa er misfornøgd med det som har hendt!
– Det er mange som hadde ønska seg taco på fredag istadenfor tomatsuppe, sjølv om det er godt. Om eg skulle fått valgt sjølv hadde det blitt sushi, seier Jonas Høgset.

Vi må berre trekke ein konklusjon med at dette vart ein stor snakkis, og at neste år bør det bli taco!!