Stemningsrapport
Her er nokon av blinkskudda frå helga!

5. mai 2019
Denne helga har ungdom frå heile Møre og Romsdal samla seg i Braatthallen i Kristiansund for å vise fram det dei brenn for.
Dersom du vil sjå innslaga frå UKM-fylkesfestivalen kan du trykke her.
Dersom du vil sjå både bilete, video og informasjon frå kvart enkelt innslag kan du trykke her.
I tillegg til arrangementa som har vore i Braatthallen, har det også skjedd ein del i sentrum. UA-party var eit arrangement som slo godt an laurdagskvelden. Tidlegare på dag var det både workshops og minikonsertar. Kunstutstillinga hadde også åpning.
Ei fantastisk helg er ved veis ende og vi vil takke alle som har deltatt og alle som har tatt turen innom for å sjå dei fine innslaga og kunstverka!