– Vi tek oss sjølve ganske useriøst!

Migraine er eit band frå Volda som spelar sjangeren “Funk metal prog jazz.”

Bandet Migraine består av Birk Ljoså Sørheim (17) på gitar, Erlend Trovåg Bjørneset (16) på bass og vokal, og Hråkon (Med Stum R) Følsvik (18) på trommer. Dei framførte ein sjølvskriven song ved navnet “Are you alright”.

Kan dokke fortelje litt om bandet og de sjølve?
-Kvar skal vi begynne? Vi tek oss sjølve ganske useriøst, og det gjer nok dei fleste som kjenner oss også. Vi prøver vårt beste, men vi er ikkje så opptekne av å lykkast, og dette gjer at vi av og til bryr oss litt for lite.

Korleis vart bandet til?
-Vi begynte å spele saman fordi vi vart kjende med kvarandre, og hadde lyst å lage musikk. Vi starta bandet i februar 2018. I starten hadde vi ganske ulik musikkinteresse, men etter kvart smelta det saman og vart til musikk.

Korleis er ei vanleg øving med bandet?
-Det er ganske lite øving og mykje tull, seier Hråkon (med stum r).
-Vi startar med å øve på eit par songar, og dersom vi går leide og er sure på kvarandre, avsluttar vi øvinga. Nokre gongar sit vi kun å et, mens andre gongar kan vi vere svært produktive. -Av og til bytter vi instrument fordi vi er lei vårt eige, kjem det frå bandet. -Øvinga før UKM spelte vi songen ein gong og det tok 3 timar, men då skreiv vi også ferdig ein annan song i tillegg, seier Birk.

Kva handlar songen om?
Dei fleste songane har for det meste ei djupare meining. Den songen her handlar om ein nyheitsartikkel eg (Erlend) las om at ein mann drepte sonen sin, fordi han ikkje var kristen nok.

Beskriv kvarandre
Birk: Uorganisert, distrè og gløymsk.
Hråkon (med stum r): ufokusert og usunn.
Erlend: Upraktisk, sær og spesiell.

Migraine

Erlend Trovåg Bjørneset (16) på bass og vokal

Migraine

Hråkon (med stum R) Følsvik (18)

Migraine

Birk Ljoså Sørheim (17) på gitar

Nokre ord om UKM?
– Ukm er heilt hundre prosent ok, og lev opp til forventningane vi hadde!

Mona Våge
UKM Media