Blir du med?
UKM står for Ung kultur møtes og er ein møteplass for ungdom og kultur kor ein skapar noko saman. Kvart år i februar arrangerer me Her kan du visa fram det du brenn for og det du syns er kjekt.
I UKM er alle kulturelle uttrykk velkomne, anten det er innan musikk, dans, teater, litteratur, film, matkultur, utstilling elle anna som kan visast fram på scena. Ein kan også melda seg på som konferansier eller arrangør, og vel sjølv om ein vil melda seg på som enkeltperson eller saman med ei gruppe.
UKM lokalfestival i Samnanger vert arrangert laurdag 01. februar 2020 og startar kl 17.00. Vil du vera med? Då er du kome til rett plass. Frist for påmelding er onsdag 27. januar!
Aldersgrense
Aldersgrensa for UKM-lokalfestival i Samnanger er 10-20 år. Det vil sei at ein kan delta på festivalen frå det året ein fyller 10 til det året ein fyller 20. For å få tilbod om å bli sendt vidare til fylkesfestivalen må ein vera mellom 13 og 20.
UKM-fylkesfestival
Nokon av deltakarane på lokalfestivalen i Samnanger vil i etterkant få tilbod om å delta på UKM-fylkesfestivalen i Hordaland. Aldersgrensa for å delta på UKM-festivalen i Hordaland er 13-20 år. Det vil sei at ein kan delta på festivalen frå det året ein fyller 13 til det året ein fyller 20.
Det å bli sendt vidare til UKM-festivalen i Hordaland handlar om å ta del i festivalen, møta og bli kjent med kvarandre, visa seg fram og vera saman. Det er eit føremon at dei som takkar ja til tilbodet har høve til å vera med heile helga.
UKM lokalfestival i Samnanger. Blir du med?
UKM står for Ung kultur møtes og er ein møteplass for ungdom og kultur kor ein skapar noko saman. Kvart år i februar arrangerer me UKM lokalfestival i Samnanger. Her kan du visa fram det du brenn for og det du syns er kjekt.