Påmeldinga er opna for UKM 2025

Er du mellom 10 og 20 år og vil vise fram talentet eller interessa di? UKM Sande 2025 er laurdag 29. mars på Breidablik.

Er du mellom 10 og 20 år og vil vise fram talentet eller interessa di? UKM Sande 2025 er laurdag 29. mars på Breidablik. Meld deg på via lenka under.

Påmeldingsfrist søndag 9. mars kl 23:59 

For deg som vil delta som arrangør, konferansier, media – MERK frå 13 år og oppover

Meld deg på her 

Påmeldingsfrist søndag 16.mars kl 23:59

For deg som vil delta med dans, film, litteratur, musikk, teater, kunst og anna på scena.

Meld deg på her 

Les meir om UKM her

På UKM kan du gjere det meste som har med kultur å gjere, og litt til. Du kan anten vise fram noko du er god til, eller lære noko heilt nytt. Både på, bak og rundt scena. Kultur er ikkje berre song og dans. Å lage ein TikTok, bygge eit hus i Minecraft eller lage ein sminkevideo er også kultur – og derfor noko du kan gjere på UKM!

Kanskje du er god til å arrangere, danse, game, lage kostyme, synge, organisere, fotografere, male, designe, filme, underhalde eller skrive? Dette er berre nokre få av mange ting du kan gjere på UKM. Og om du ikkje er god på nokon av desse tinga, kanskje du har lyst til å lære det?

Billett voksen 70,- 
Barn frå 1. klasse 50,-
Under skulealder gratis.