VIKTIG INFO for deltakarar, føresette og arrangørar :)

Deltakarar har fått sms om kortid dei skal levere utstillinga og om å sjekke tid for lydsjekk.

Viktig at alle les både infoen her, ser på oppmøte for lydsjekk og rekkefølje på program som ligg her på ukm sida til Stad kommune .
(Rekkefølje på lydsjekk og program vil og ligge på greenroom /operahuset:)

Du må passe på at DU er på rett plass til rett tid 🙂

13.00 Lydsjekk startar ( Sjå di eiga oppmøtetid i tabellen)
14.00 Utstillinga er klar, ein kan komme å sjå om ein vil.
14.45 GRATIS PIZZA 🙂 For artistar, kunstnarar og arrangørar.
15.00 Gratis kino
17.00 Framsyning i operasalen – Offesiell opning av UKM

KORTID SKAL DU MØTE OPP LURER DU PÅ?
Dei som skal på scena må passe på si tid for lydsjekk og forestillinga.
Kuntnarane passar på å få levert kunsten sin og kan ellers velje kortid dei kjem på lørdag. Men vi håpar flest mulig samlast til pizza 14.45.

MEN KOM GJERNE TIDLEG Å FÅ MEST MULIG UT AV UKM 🙂
UKM arrangørar står klar frå kl. 12.00 i Operahuset og tek i mot deg/dykk når du kjem 🙂
Folk øver, varmar opp, skifter, lydsjekk, pratar og har det kjekt ilag 🙂

Vi gledar oss 🙂

Du vil då få UKM armband og den infoen når du kjem :
Kom til UKM registreringa 🙂

Alle med UKM armband får som sagt gratis pizza:)
Det blir sett fram kl. 14.45 på eit rom som heiter Hertugen.
(I foajeen v/ utstillinga:)
Vi prøva å smalast, men et når du har tid. (i forhold til det du må rekke)
Vi har pizza med kjøtt, halal kjøtt, vegetar, uten løk, paprika og mais og glutenfri.


Kiosken er open i tidsrommet: 14.00 – 16.00

Gratis kino, Den avskylige snømannen kl. 15.00 – 16.40
(MEN pass på tida til det du skal rekke)

UKM framsyning i operasalen kl.17.00:)
Gratis inngang for alle under 20 år.
Andre kjøper billett (for 100 kr) på operahuset.no eller i døra.

Dei første som skal på scena må sitte bak på greenroom kl. 16.45

Deltakara som er seint i programmet kan sjå første del av forestillinga frå galleriet. Ver på greenroom 2 innslag før du/de skal på scena!

Deltakara som er ferdige på scena kan gå tilbake på greenroom og opp på galleriet.

Alle deltakarane, både frå framsyninga og utstillinga skal vere klar til å gå opp på scena etter siste innslaget. 🙂
Det blir då utdeling av diplom, bilde, applaus og vel heim 🙂

I løpet av lørdagskvelden vil alle få sms der det står kven fagpanelet har bestemt skal representere Stad kommune på Fylkesfestivalen i Måløy 24. – 26. april.

MEN HUGS !
ALLE er like bra og ALLE skal ha det bra!
Frå første stund du kjem til Operahuset på UKM, Stad kommune!
På UKM kan alle vere seg sjølv, og vi tar godt vare på kvarandre! 🙂
ALLE sitt ansvar 🙂
OG VI ER KJEMPE GLA AT AKKURAT DU ER MED 🙂

Ta kontakt med ein av dei unge arrangørane eller UKM kontakt Maria om det er noko som helst du lurer på eller treng:)

Tilbake til rammeprogrammet