Påmeldingsfrist 12.april
I år skal vi ha ei digital UKM! 🙂 I tillegg til mange kjekke UKM aktiviteta og opplevinga lokalt. #einstadistad.

Meld deg på ein eller fleire ting 🙂
Her kan du lese om den
1.Digital mønstring både lokalt Stad
kommune og om den digitale
UKM Vestland.
2.Workshops og UKM opplegg
rundt om #ein stad i Stad.
Kjekke kulturelle møtestadar for born og
ungdom lokalt.
- SLIK KAN DU DELTA PÅ UKM 2021
Vi skal ha ei digital mønstring i år.
Det vil sei at du må filme/ta bilde av innslaget ditt og sende /melde deg på.
Du / gruppa di melder deg/dykk på som før her på www.ukm.no/stad
Når ein har meldt seg på må ein i tillegg sende inn film og/eller bilde av ditt/dine innslag og sende inn til maria.helgesen@stad.kommune.no
Påmeldingsfrist er 12.april
Aldersgrensa er som før 10 år (4.kl) t.o.m det året du fyller 20 år.
(I ei gruppe treng berre 50 % vere innafor aldersgrensa- altso du kan ha med eldre og/eller yngre)
Dei som er 13 år (det året du fyller 13) kan bli plukka ut til å delta på den digitale fylkesproduksjonen UKM Vestland 🙂
På UKM kan delta med alt mulig! I alle fall veldig mykje forskjellig!
Dikt, konferansier, song, musikk, band, beatboxing, film, foto, teikning, skulptura, design, youtubekanal, animasjon, standup, korps, dans med meir.
Gjerne gå ilag fleire og mix til eit kult samarbeid.
Om du vil vere med som UKM arrangør og vere den som klipper saman UKM Stad digital mønstringa so kan du også det 🙂
Nokre dømer på korleis ein kan gjere det når ein skal melde seg på med film eller bilde:
Konferansier:
Om ein vil melde seg på som konferansier kan ein f.eks. filme seg sjølv der ein presentera seg, fortel litt om kvifor ein vil vere konferansier og vise korleis ein ville ha presentert innslaga på ei scene. Du kan kanskje og planlegge og filme ilag med noko som skal melde seg på med ein dans eller ein song?
Kunst:
Kunsten din kan du både ta bilde av eller filme om du vil.
Dikt, novelle m.m.
Har du laga dikt eller ei novelle kan du filme deg sjølv der du les den.
Eller kanskje du lagar ein film eller ein bildefilm og les i bakgrunnen?
Dans, musikk / scene innslag:
Dans og musikk innslag kan du filme i øvingslokale eller ute, eller lage ein musikk video. Bruk fantasien. ?
Om du skal synge ein song og skulle ønske du hadde nokon til å spele gitar eller piano istaden for å bruke playback, kan ein ta kontakt so kan vi avtale noko med kulturskulen.
Elles ikkje nøl med å ta kontakt om du lurer på noko.
Ring UKM kontakt, Maria Helgesen på 95 86 92 23
Etter påmeldingsfristen skal vi klippe saman ein film av alle bidraga som har vore med på UKM Stad 2021.
Har DU lyst å vere med å jobbe med å lage til filmen? Ta kontakt 🙂
UKM STAD OFFESIELL VISNING DIGITALT 1.MAI KL. : 17.00
KUNSTUTSTILLING BLIR TIL VÅREN. (meir info kjem)
Vidaresending:
Eit fagpanel skal sjå igjennom alt som er kome inn og velje ut nokre som skal «bli sendt vidare»/representere Stad kommune. Aldersgrensa her er 13 år (7.kl) I år blir det ikkje vanleg fylkesfestival. Her blir det også ein digitalisert «festival»
Scene innslag : får vere ein del av ein profesjonell produksjon til ein reportasje som UKM Vestland skal lage i mai/juni 2021.
Kunst skal bli vist på ein nasjonal digital plattform.
Konferansier: Kan og bli nominert vidare og får vere ein del av produksjonen.
Meir informasjon vil bli gitt dei som treng den etter vidaresendinga.
Som mykje anna blir heller ikkje UKM i år heilt som før, men det er vi etter kvart vant med og vi gjer det beste ut av det. Og det skal bli veldig bra uansett!
Vi satsar stort på lokale kulturelle møteplassar i år
- UKM workshops / Ung Kultur Møtast 2021
Det er viktig at vi møter kvarandre der og når vi kan.
Vi satsar i år på å lage til ein del litt mindre, men fleire UKM arrangement rundt om i kommunen.
Alle UKM workshops er gratis og ein legg til rette for skyss til og frå.
Ein må melde seg på innan fristen.
Aldersgrensa på dei ulike vil variere litt.
Nokon er for 10 år og andre er for 13 år og opp.
Følg med her på ukm.no/stad på kva som dukkar opp av workshops og opplegg som du kan vere med på.
Vi kan allereie røpe at det blir blant anna Design, Veving, Poetrynight, Rosemaling, Gjenbruk kunst, graffiti, og vi jobbar med å få til foto, dans og noko innan musikk og låt skriving.
Vi vil gjerne få inn dine ønsker. Kva vil du lære meir om eller teste ut?
