Tusen takk til alle deltakarane:)

Det var ei flott og variert forestilling med ulike sjangera og mykje kunst! Desverre var det ein del innslag som måtte bli tatt ut av programmet grunna korona.Men vi håpar dei har lyst å vere med neste år! Uansett so kjekt å

Det var ei flott og variert forestilling med ulike sjangera og mykje kunst!


Desverre var det ein del innslag som måtte bli tatt ut av programmet grunna korona.
Men vi håpar dei har lyst å vere med neste år!


Uansett so kjekt å kunne møtast og føle på den fine UKM følesen der ein er ilag og blir inspirert av kvarandre.
Vi gleder oss allerede til neste år. Og minner om at i år, som i fjor, blir det ulike UKM workshops ut over året. Har du eit ønske om tema so kom med det! 🙂

Fagpanelet hadde dette å seie om det dei såg, høyrde og opplevde på UKM Stad:
Vi er imponert over den kreative ungdommen som fins i kommuna vår. Det er stort aldersspenn og varierte uttrykksformer både i kunsten og på scena.
Fagpanelet takkar for eit fint arrangement. Vi vil oppfordra den ytre delen av kommuna til å stille stekrare neste år, og håpa å sjå meire blåseinstrument på scena.
Fagpanelet vil også trekke fram Operahuset som viktig møteplass og utviklingsarena for kunst og kultur i Stad kommune. Vi er priviligerte som har eit så flott operahus og vi vil oppfrodre alle unge talent til å melde seg på til neste års UKM- Arrangement. Det er ei oppleving å få vise seg fram på ei profesjonell scene.

Desse skal få reise på UKM Vestland i år og representere Stad kommune på fylkesfestivalen:


SCENEINNSLAG :
Novelle: Arv i Arv av Anne Tolaas – Formidla av Iver Flyum-Bjørlo
Klassisk piano: Jenny Chen- Notturno op.54 No.4 , Evard Grieg
Akustisk gitar: Kabiito Amnundsen
Band Punkrock: The Mittens

KONFERANSIER:
Amalie Fure

ARRANGØR: Sofie Hjelle

KUNST:
Kanutte – «The Beauty of the sea»
Felix – «Bestevennar»
TegneMaren: «Bored 1» og «Bored 2»
Agate H: «Astrid S som Askepott» og «Desemberkveld på Gildra»
Daniel: «Ulv i Nordlys»
Hiba: «H-B 1»
Oliver «Morfar»
Torgrim: «Itachi»
Idalia: «Stawberry Cow»

Straks klare til å ta imot deltakarane:)