Informasjon til dei som skal delta på UKM Vestland 22.-24.april
Ein del av dei som deltok på UKM Stad har blitt valt ut til å representere Stad kommune på fylkesmønstringa UKM Vestland i...

Ein del av dei som deltok på UKM Stad har blitt valt ut til å representere Stad kommune på fylkesmønstringa UKM Vestland i Nordfjordhallen i Måløy.
Her legg vi ut informasjon etter kvart som program og anna er klart.
Informasjon om UKM Vestland i Nordfjordhallen
Først og fremt må alle fylle ut to samtykke skjema og returnere til UKM kontakt.
(maria.helgesen@stad.kommune.no) De kan og ta skjermbilde og sende om det er enklare.
Frist i dag 21.mars.
Samtykkeskjema for deltakarar
Samtykke publisering media
Før de signera samtykke må de lese og godta reglane for å delta på fylkesfestivalen:
Ordensreglar for arrangementet
• Respekt og toleranse er viktig under festivalen. Det skal vere rom for ulike meiningar, livssyn
og veremåtar slik at alle kan kjenne seg trygge.
• Det skal vere ro i sovesalane frå kl. 00:00.
• Alle UKM-artistar må møte presis til prøvar, framsyningar og arrangement.
• All bruk av rusmidlar er forbode, og brot fører til heimsending for eiga rekning.
Prinsipp for deltaking
Alle deltakarane må vere til stades under heile festivalen.
Er dette vanskeleg, må ein ta kontakt med UKM ansvarlege i kommunen: Maria Helgesen 95 86 922 3
Vi legg opp til overnatting frå fredag til søndag.
I samtykkeskjema kan de skrive om det vil overnatte eller ikkje. Det går ann å vere med på festivalen utan å overnatte og. Sidan vi bur so nært. Men det er klart ein går glipp av litt aktivietar og ikkje minst det å henge ilag med andre UKM deltakarar.
Det vil blir kjekke workshop og aktivietar ein kan vere med på. Også scene ein kan framføre på i tillegg til forestillingane. Meir info blir lagt ut her etter kvart:https://ukm.no/2022-vestland-ukmvestland2022nord/
De som har kunst:
Kommunekontakt kan levere denne inn til UKM Vestland. Om det vil gjere det sjølv kan de ta kontakt.
