Hurra det blir gjennomført UKM i 2023
Det såg mørkt ut for UKM 2023 i årets budsjettforhandlingar, men i dag er det bestemt at vi skal gjennomføre UKM:) Hurra!!!! So no er det berre å hive seg rundt å melde seg på! Ein finn meir informasjon om

Det såg mørkt ut for UKM 2023 i årets budsjettforhandlingar, men i dag er det bestemt at vi skal gjennomføre UKM:) Hurra!!!!
So no er det berre å hive seg rundt å melde seg på! Ein finn meir informasjon om UKM og lenke til påmeldinga om ein trykker seg vidare til arrangementet til høgre på sida.
(Trykker du på Stad kjem det opp meir info. )Påmeldingsfrist 26.februar.
Vi har mykje å gjere klart so om ein har lyst å vere UKM arrangør eller UKM hjelp er det berre å ta kontakt. (både ungdom og andre) Vi treng og eit fagpanel som skal plukke ut ein variert gjeng som skal få tilbod om å representere kommunen på fylkesfestivalen. Lokale kunst og kulturaktørar som vil vere i fagpanelet må gjerne melde si interesse:)
Ei kjempe god hjelp er at folk deler info og snakkar om UKM. Foreldre, lærarar, folk i jobbar som møter born og unge, fritidskontakter m.fl. Målet er at alle i målgruppa skal vete om UKM, kva det er og bli trygga/støtta til å melde seg på viss dei har lyst til det!
Teikninga øvst er Askepott av Agate Hjelle.
