Takk til alle på UKM Stad festivalen
Endå ein fantastisk UKM er over og arrangørane vil takke alle som var med i år både på scena, med kunst og som Ung arrangør! Heile 70 deltakarar var med i år og ein har fått sett og hørt so

Endå ein fantastisk UKM er over og arrangørane vil takke alle som var med i år både på scena, med kunst og som Ung arrangør!
Heile 70 deltakarar var med i år og ein har fått sett og hørt so mykje imponerande i mange ulike kulturuttrykk og sjangera. Både frå scena og i ei stor og flott utstilling.
Vi håpar at alle har hatt ein fin oppleving og at ein held fram med det ein driv med av dans, song, kunst og alt anna ein vil skape og som gir glede og inspirasjon for seg sjølv og andre.
Vi håpar og at alle ynskjer å delta også neste år på UKM Stad 2026.
Som det står på operahuset sinn innlegg på instagram: Framtida er i trygge kultur-hender med desse flotte og talentfulle ungdommane! <3
UKM har også ein fylkesfestival der nokon frå dei ulike kommunane får tilbod om å delta.
Der er aldergrensa 13 år og ein har eit fagpanel som vel ut nokre bidrag.
Det er ein svært vanskeleg jobb når ein skulle ønskje eg kunne velge alle!
Men ein har eit visst antall deltakarar ein kan gi denne muligheiten til, og ein skal velge ut i frå nokre kriteria som viser variasjon og breidde.
Dette seier fagpanelet om UKM Stad 2025:
Årets UKM har gitt born og unge sjansen til å vise sine talent på den største scena vi har.
Samtlige deltakarar trossa nerva og usikkerheit, og leverte på høgt nivå. Meistring og samskaping, aleine ellen saman med andre, gir unge og publikum store opplevingar. I tillegg til sceneinnslag har publikum sett mange flotte kunstverk innen mange ulike uttrykk utstilt i foajeen. Etter forestillinga har vi valt ut kunstverk og artistar som skal vidare til UKM Vestland som i år er i Operashuset Nordfjord 25. – 27. april 2025. Saman med mange andre deltakara frå andre kommunar i gamle Sogn og Fjordane.
Desse skal få tilbodet om å delta på UKM Vestland fylkesfestival:
Sceneinnslaga:
Idalia, Odianna & Lily, Siren, Kathrine Fure, Kristianne Pauline Holmøy, Edit, Hennie og Mathilde, Ida og Mari, Eid Dansekompani og Golden Girls
Kunst;
Emma B. Raudi – «Blue Jay».
Idalia – «catching butterflies»
Johanne Hatlenes Åbø – «kval»
Johannes Bergheim Helgesen – «Gojo Purple»
Polina Mladshykh – «Stone Heart»
Samuel Holmen Balsnes – «21savage»
Sara Frogner – «Tre på rad vaffel»
Kanutte Raftevold Haugen – «Scandinavian Folklore»
Konferansierer:
Malene Bortne
Malin Rundereim
Oliver Olsen
og ung arrangør: Jewel Doorenspleet
Meir informasjon om fylkesfestivalen vil komme ut på ukm.no.
Er det nokon som ikkje kan eller ønskjer å delta, må ein gi beskjed til UKM kontakt i Stad kommune.
Gratulerer og lykke til på UKM Vestland.
Og igjen : Tusen takk til ALLE som gjorde UKM Stad til ein kjekk, inspirerande og ei fin oppleving !