Informasjon til deltakarar UKM Sula 2023

Velkommen til UKM Sula 2023, i Amfiet på Langevåg Barneskule/Kulturskulen, laurdag 25.mars. Vi startar med lydprøver fredag 24.

Velkommen til UKM Sula 2023, i Amfiet på Langevåg Barneskule/Kulturskulen, laurdag 25.mars.

Vi startar med lydprøver fredag 24.mars kl 16.00.

Nr 1-4 i programmet møter kl 16.00.

Nr 5-8 i programmet møter kl 16.30.

Nr 9-12 i programmet møter kl 17.00

Nr 13-15 i programmet møter kl 17.30

Lydprøvane er for å teste lyd/lys på scena og for at du/dykk skal få ein test på scena. Vi følger rekkefølga etter oppsatt program, men det kan komme forandringar. Vi har valgt å starte med dei yngste i første del av forestillinga. På sjølve forestillinga på laurdag vil det vere oppmøte for deltakarar kl 17.00. Vi vil gjerne at deltakarane får sjå kvarandre si framføring, så vi lagar til egne sitteplassar for deltakarar. Når den før deg i programmet går på scena, kan du/dykk gå til backstage/deltakarområdet (Merka på døra). Men det er viktig å gå MELLOM innslaga, ikkje gå ut og inn under ein annan si framføring, slik at ein ikkje forstyrrar kvarandre.

Innlevering av kunst skjer også fredag 24.mars kl 16.00-18.00. Vi tar imot kunsten i inngangen til Langevåg skule/kulturskulen. På laurdag vil utstillinga vere ved inngangen, slik at alle ser den når dei kjem inn. Om du er under 13 år (i år) kan du ta med kunsten etter forestillinga er ferdig på laurdag, men gi beskjed slik vi får registrert at den blir tatt med. Om du er over 13 år og er med i vurdering til fylkesfestivalen vil vi gjerne at vi får behalde kunsten din i nokre dagar. Du vil då få beskjed når du kan hente den/eller vi leverer den til deg.

Nominering til fylkesfestival: UKM er ikkje ei konkurranse. Fokuset som skal vere gleda i å vise fram Ung kunst, treffe andre og bli inspirert av kvarandre. I år har det blitt bestemt at vi ikkje har eit fagpanel som gir tilbakemelding i etterkant til deltakarane. Arrangørgruppa (nokre frå kultureininga, og ungdomsrådet) vil velge ut nokre av innslaga til å representere Sula på fylkesfestivalen. Vurderinga vil vere ei heilskapsvurdering. Aldersgrensa for å delta på fylkesfestivalen er 13 år (i år).