UKM – Vanylven 2025

Det vert UKM lørdag 5. april på Fiskå ungdomshus, kl 15.00 – ca 17.00.

Det vert UKM lørdag 5. april på Fiskå ungdomshus, kl 15.00 – ca 17.00.

No er det berre å starte å planlegge kva du skal melde deg på med på UKM. Det vert høg kvalitet på lyd og lys. Skal du danse, trylle, synge, spele, lese ei novelle eller eit dikt, ha ein sketsj? Vi tilrettelegg akkurat til deg!

Til alle unge kunstnarar! på UKM vert det laga til for utstilling. Vi har kjempelyst til ha med so mange utstillarar som mogleg. Meld dokke på!! so lagar vi til tidenes kunstutstilling av unge kunstnarar i Vanylven.

Det er lenge til påmeldingsfristen som er 1. april, men det er veldig lurt å starte å planlegge allerede no!!

https://ukm.no/2025-vanylven-ukm-vanylven/

Kven kan delta? alle barn og unge.

Det er gratis å vere med.

UKM – Ung Kultur Møtest 

UKM er ein arena der ungdom møter ungdom, der kultur utvekslast utan konkurranse, men med tanke på utvikling, læring og samhald. Eit av måla med UKM er at det skal vere ein arena for alle, uansett kvar ein kjem i frå og kva kulturinteresser ein har.