Framsyning D 2018

Framsyning D var den fjerde av fem framsyningar ved UKM-festivalen for Hordaland. Der fekk ei rekkje ungdommar vist fram talentene sine.

Konfransierane ved denne framsyninga var Rutha Sangolt og Daniel Gjelsvik Kaland. Dei kom med ei rekkje vitsar og prøvde alt dei kunne for å gje publikum ei underholdande oppleving! Vinnaren av UKM- knutene vart og trekt under denne framsyninga og vinnaren vant ei T-skjorte underteikna av fleire av deltakarane på festivalen. På framsyninga vart det framført mykje forskjellig, der i blant song, dans og ein monolog.

Monologen vart framført av Regine Hella Midtun. Dette var eit følelsesladd nummer der ho snakker om sjølvmord. «Livet er eit spel» seier ho, etterfølgt av «men det er ikkje sant, for eit spel kan du spele på nytt» Nummeret framstiller korleis ein suicidal person gjerne føler seg. Publikum var heilt stille i løpet av nummeret og fekk seg nok ein tankevekker.

Publikum var heilt klart imponert over alle deltakarane og var og veldig engasjerte. Då Kine Thingnes song «Photograph» av Ed Sheeran tok fleire av publikummarane opp lommelykter på mobilane sine for å skape stemning og heie på Thingnes. Etter alle nummerene fekk alle deltakarane kraftig applaus, noko dei sikkert sette stor pris på!

Framsyninga vart avslutta med eit brak då The Bollocks framførte «My Generation». Dei har eit ønske om å gjennopplive rocken og lagde god stemning på scenen.

Av Benedicte Mo, Medium og Kommunikasjon, Stord Vidaregåande skule