UKM- festivalen, dag 1

Laurdag 21. april var dag ein av UKM- festivalen i Hordaland arrangert på Husnes.

Festivalen varer over to dagar og gir ungdommar i alle aldrar muligheita til å visa fram talentet sitt. Likevel er poenget med festivalen fyrst og fremst å ha det kjekt! Laurdagen bestod av tre framsyningar, samt ein filmframsyning og ei kunstutstilling. Deltakarane kan alt frå å synge til å danse. Det er til og med eit kunstverk her laga av Post-it lappar. Med andre ord er det eit stort mangfald, og ikkje minst eit høgt nivå!

Deltakarane er frå kryss og tvers i Hordaland, men det er ikkje berre det som er ein fellesnemnar for dei. Alle er nemleg utruleg talentfulle på kvar deira måte, og alle er samd om ein ting: Det beste med festivalen er det sosiale! Mellom dei ulike framsyningane har dei ulike aktivitetar der dei kan verte kjend med nye folk, noko dei setter stor pris på.

Alle arrangementa skjer i kulturhuset på Husnes, medan deltakarane bur på den såkalla UKM-campen lokalisert på Kvinnherad Vidaregåandeskule. Ein del av arrangementet er og workshops der ungdommane har fått prøve seg på ulike aktiviteter som afrikansk dans og scenekamp. Festivalen er ein god arena for å få eit kulturelt inntrykk!

UKM er ein festival for og av ungdommar. Dei unge er ein stor del av arrangementet og bidrar som konferansierar, filmfolk og arrangørar. I år har UKM fått hjelp av Medium og Kommunikasjon- elevar frå Stord Vidaregåande skule til å filme arrangementet og med å dekke det. UKM er open for å la flest mulig ungdommar få utvikle ferdigheter og erfaring.

Av Benedicte Mo, Medium og Kommunikasjon Stord Vidaregåandeskule