Planleggingsworkshop 16. mars
Alle media- og arrangørdeltakarar som skal vere med på Hordaland-festivalen 05.-07. april, samlast for ein workshop på Os 16. mars.

Under denne workshopen vil vi planlegge UKM-festivalen i Hordaland saman, og bli betre kjend med kvarandre.
Praktisk info:
Start: 10:30 på Oseana Kunst- og Kultursenter, adr: Mobergsbakken 20, 5200 Os.
Slutt: 18:30 på Os Gymnas, adr: Gymnasveien 85, 5200 Os.
Det vert oppmøte ved Oseana Kunst-og Kultursenter kl 10:30. På Oseana vil vi få ei omvising, før vi går opp til Os gymnas, kor vi skal sove under festivalen i april. Vi får ei omvisning også her før vi deler oss i grupper for å planlegge ulike delar av festivalen. Ta gjerne med datamaskin dersom du har – det er mykje som skal gjerast!
Kom heller for tidlig, enn for seint! Buss nr 600 går frå Bergen Busstasjon L kl 0920, og er framme på Osøyro 10:07.
Reise vert dekka av fylket dersom du har kostnader knytta til dette. Ta vare på kvitteringa!
Gi beskjed om du har allergiar eller andre behov til produsent for festivalen (mob: 93 63 42 42) før torsdag 14. mars.
Workshopen er obligatorisk. Dersom du skal delta på fylkesfestivalen, men ikkje har høve til å delta 16. mars, ta kontakt med fylkesprodusent Inni Mowinckel (ukm@bergen.akks.no/93634242).

Bilete frå planleggingsworkshop i 2017.