Aktivitetar
Dagane er fylt med mykje program, og vi forventer at alle deltakarar er med på sceneframsyningar og utstillingsopning for å heie på både nye og gamle vener.

Det vil likevel vere høve for fritid, og vi setter opp nokre ulike aktivitetar.
Fredag kveld
Etter innsjekk på UKM Camp oppfordrer vi alle til å bli kjend med dei andre deltakarane. Unge Arrangørar vil så starte rebusløp, der ein får bli betre kjend med kvarandre, Campen og programmet for helga.
De vil også få utdelt knutar, laga av UA – desse kan løysast gjennom heile helga.
Laurdag
Om du ikkje er påmeld workshop vil UA ha eit eige område for sosiale aktivitetar i Vognhallen like ved Oseana.
På kveldstid vil det vere ulike rom for ulike aktivitetar på UKM Camp, til dømes: Jam-rom, spele-rom, film-rom og stille-rom (for rolege samtalar). Om du har ein god aktivitet eller eit kjekt brettspel – ta det gjerne med!
Det vil også vere to Yoga-grupper, ei kl 20:30, og ei kl 21:30. Du kan melde deg på i infodesken på Camp fredag og laurdag (16 plassar per time).
Sundag
Om du ikkje er påmeld workshop vil UA ha eit eige område for sosiale aktivitetar i Vognhallen like ved Oseana.
Yogaklasse 20:30 og 21:30
Velkommen til en myk introduksjon til yoga spesielt tilpasset nybegynnere. Få, men effektive yogaøvelser som mykner opp, spenner av og skaper velvære fra topp til tå! Ingen forkunnskaper nødvendig.

Karina Lyssand