Husband 2020
Årets husband på UKM-festivalen i Vestland på Voss leiast av kapellmeister Eirik Marinius Sandvik.

Deltakarar som skal spele med husband på fylkesfestivalen på Voss i 2020 får moglegheit til å øve med dei 18. og 19. april på USF Verftet i Bergen, samt generalprøve på scena på Voss Kulturhus den dagen dei skal opptre med husbandet.
Husbandet gler seg til å komme tilbake til UKM-festivalen 2020, etter ei storveis oppleving som husband på festivalen i 2019!

Gitarist:
Eirik Marinius Sandvik er ein gitarist og produsent frå Bergen. Han har brei erfaring som livemusikar etter å ha spelt med ei rekke band og artistar, og jobber til dagleg som plateprodusent i eige studio. Som produsent er Sandvik van med å rettleie og jobbe pedagogisk med klientar, samt finne kreative løysingar i ulike situasjonar. Har også jobba som musikar ved Den Nationale Scene og i fleire tverrfaglege prosjekt mellom film og musikk.

Piano/synth:
Jonas Særsten er ein utøvande musikar basert i Bergen med keyboard, orgel og piano som hovedinstrument. Har brei erfaring frå både studio- og konsertvirksomheit. Har dei siste åra hatt sitt hovedvirke som keyboardist, komponist, korist og låtskrivar i psychrock-bandet Shaman Elephant.

Bass:
Pablo Tellez er bassist og fast medlem av bandet Young Dreams, som mottok
Spellemannsprisen i 2013 for beste album i kategorien Indie. Saman med bandet har han gjort fleire omfattande Noregs-, Europa- og Asiaturnear. Som frilansbassist har han spelt konsertar i både Noreg og i utlandet med ein rekke band og artistar, samt vore med på ein god del utgivelser. Som musikkterapistudent og tidlegare instruktør i bass, trommer og samspel ved AKKS Bergen og Arna og Åsane kulturkontor, har han opparbeida seg solid pedagogisk erfaring med ungdom.

Trommer:
Jakob Hjelmeland er en trommeslagar frå Førde, bosatt i Bergen. Han har spelt med artistar som bl.a. Miss Tati og HP Gundersen. Han har eit bredt sjangerspekter som inkluderae blues, storband, hip-hop, rock og indie. Som instruktør ved Lipstick Music og Kom Nærmere har han også pedagogisk erfaring.

Klassisk pianist:
Raquel Sánchez-Castellanos er utdanna klassisk pianist ved Real Conservatorio de Arturo Soria (Madrid), og lektor i musikkpedagogikk ved Høgskulen i Bergen. Per i dag har Raquel over 10-års erfaring som frilanspianist, både som soloist og akkompagnatør av strykarar, songarar og kor. Ho er spesialisert i barokk- og samtidsmusikk, men har eit bredt og allsidig repertoar. I tillegg driv ho med tverrfaglege prosjektar innen musikk og kunst-feltet i samarbeid med andre musikarar og visuell-kunstnarar.