Fremsyningsarena og UKM Camp på Voss

Fylkesfestivalen i Vestland på Voss gjeld for dei kommunane som tidligare var ein del av Hordaland Fylkeskommune.

Fremsyningsarena for fylkesfestivalen i Vestland på Voss er i år på Voss Kulturhus, Evangervegen 6. Her vil det vere kunstutstilling, filmvisning og fremsyningar som er opne for publikum laurdag 25. og sundag 26. april. I tillegg vil det vere workshops for deltakarane både laurdag og sundag mellom 10:00-12:30.

UKM Camp er i år på Voss Vandrarheim, Peter Bondes veg 40. Her vil deltakarar sove på rom med dynar, puter og sengeklede. Det er nokon som skal sove på sovesal og difor må ta med seg sovepose, men dei vil få beskjed i god tid. Det finst senger eller madrassar til alle. På kveldane er det sosiale aktiviteter på UKM Camp for alle deltakarar.

Oppmøte for deltakarar vil vere rundt klokka 17:00 fredag 24. april, og festivalen vil vere ferdig rundt klokka 16:00 søndag 26. april.

Meir informasjon kjem etter kvart. Har du spørsmål kan du nå produsent for fylkesfestivalen, Ingrid Mette Gjerde, på ukm@bergen.akks.no/99401548.

Vi gler oss til nok eit UKM-eventyr!