Planleggingshelg på Voss 21.-22. mars

Info om planleggingshelg.

I løpet av planleggingshelga skal me planlegge UKM-festivalen saman, ha sosiale aktivitetar og bli betre kjend med kvarandre.

Alle UA- og Media-deltakarar som skal vere med på UKM-festivalen i Vestland på Voss 24.-26.april samlast for ein planleggingshelg på Voss 21.-22. mars.

Praktisk info

Start: Laurdag 21. mars klokken 10:00 på Voss Kulturhus.
Slutt: Sundag 22. mars klokken 15:00 på Voss Vandrarheim.
Overnatting: Voss Vandrarheim, Peter Bondes veg 40.

Oppmøte på Voss Kulturhus, Evangervegen 6, klokken 10:00 laurdag 21. mars. Der vil me få ein omvisning på framsyningsarenaen før me går samla til Voss Vandrarheim, som er overnattingsarena både denne helga og sjølve festivalhelga.

Både laurdag og sundag jobbar me i gruppar med å planlegge festivalen. I tillegg blir det sosiale aktivitetar og samla måltider. Ta gjerne med deg datamaskin om du har det – det er mykje som skal gjerast!

Kom heller for tidlig enn for seint! Det går tog frå Bergen laurdag klokken 08:39 som er fremme på Voss 09:53. Kulturhuset ligg rett over vegen for togstasjonen. Heim igjen går det tog frå Voss sundag klokken 15:38 som er i Bergen 16:56. For å finne fleire tider gå til vy.no for tog, og skyss.no for buss.
Reise vert dekka av fylket dersom du har kostnadar knytta til dette. Hugs å ta vare på kvitteringa!

Gi beskjed om du har allergiar eller andre behov til produsent for festivalen (mob: 99401548) seinast onsdag 18. mars.

Planleggingshelga er obligatorisk. Dersom du skal delta på fylkesfestivalen men ikkje har høve til å delta helga 21.-22. mars, ta kontakt med fylkesprodusent Ingrid Mette Gjerde (ukm@bergen.akks.no/99401548)