Bli med på UKM 2017!
Frå slutten av januar til midten av mars vert det arrangert lokalmønstringar i dei fleste kommunar i fylket. Påmeldinga opna 1. desember, og alle mellom 10/13 og 20 år kan melde seg på.

UKM står for Ung kultur møtest. Du kan delta med det du er interessert i og likar å drive på med. Du kan delta med sceneinnslag og utstillingsarbeid, men også som konferansier, med arrangøroppgåver eller ved å jobbe i UKM Media og ta bilete, filme og publisere artiklar om mønstringa.
Påmeldinga skjer via www.ukm.no. Der finn du også kontaktinformasjon til dei ansvarlege i din kommune.
Blir sendt vidare til UKM-festivalen Sogn og Fjordane
Kvar kommune vel ut ungdomar som får representere kommunen på UKM-festivalen Sogn og Fjordane i Høyanger 31. mars – 2. april 2017.
Sogn og Fjordane sender om lag 30 deltakarar frå fylkesfestivalen til den nasjonale UKM-festivalen i Sandnes 21. – 25. juni 2017.
Kontakt UKM-kontakten i din kommune om du har spørsmål som gjeld UKM.
Kontaktperson i fylkeskommunen:
Eva Kristin Svidal Sogn og Fjordane fylkeskommune Tlf: 91169693 E-post: Eva.Kristin.Svidal@sfj.no