Har du lyst til å delta på både UKM og MGPjr?

Det går fint, for sjølv om påmeldingsfristen til MGPjr 2017 er 1. mars, kolliderer det ikkje med UKM denne våren. Finalen i MGPjr 2017 er 4. november.

UKM Norge samarbeider med MGPjr, og under UKM-festivalen i Sandnes i juni vil det bli plukka ut innslag som skal vere med i UKM si mellomakt under finalen i november.

Her finn du alt du treng å vite om påmelding til MGPjr 2017: http://nrksuper.no/super/mgpjr/alt-du-trenger-a-vite-om-pamelding/