Fylte Høyanger med ung kunst og kultur
UKM-festivalen Sogn og Fjordane 2017 er over. 300 ungdommar frå heile fylket har fylt Høyanger med liv og røre frå start til slutt. Det har vore sceneframsyningar i Høyangerhallen, utstilling på Høyanger vidaregåande skule, nattbad i Høyangerbadet, workshops, konsertar i samfunnshuset og kyrkja og mykje leik og moro ut i dei små timar.

Høgt nivå
– Det har vore ei stor glede for Sogn og Fjordane Fylkeskommune og OnCue Music Productions AS å arrangere festivalen. Vi er stolte over å kunne vere med å vise fram breidda i ung kultur i Sogn og Fjordane. Nivået til deltakarane er høgt, og alle har grunn til å vere stolte av innsatsen sin. Responsen frå publikum, totalt 1300, stadfestar dette inntrykket, fortel Eva Kristin Svidal i fylkeskommunen.
UKM er eit arrangement som engasjerer. Rundt 870 har delteke på dei lokale mønstringane i kommunane.
Møteplass
UKM er ikkje ein konkurranse, men ein møteplass for ung kultur. Sjølv om ein skal velje ut nokre av innslaga til å representere fylket på den nasjonale UKM-festivalen, er det viktig å presisere dette.
– Helst ville vi ha sendt vidare alle til den nasjonale festivalen, og fagpanelet har nok ein gong hatt ei tøff oppgåve, seier Svidal.
Fagpanelet var sett saman av Line Dybedal, Jonas Øren, Miriam Prestøy Lie, Annika Beinnes, Dora David, Andreas Eikeseth Nygjerd og Birgitta Ralston. Dei vart samde om å la desse representere Sogn og Fjordane på UKM-festivalen i Sandnes 21.–25 juni:
Sceneinnslag
Det er plukka ut fire sceneinnslag og eit miksinnslag. Miksinnslaget er sett saman av fem innslag som skal bli eitt innslag under festivalen i Sandnes.
Enketinnslag
- Sigrid Louise Frøysland, (14 år), frå Bremanger, med sjølvskriven fanfiction-historie «Once Upon a Time»
- Jackbow frå Eid med den sjølvskriven låten «Gravity». Andreas Raftevold Espelund (17 år) gitar, Håkon Henjesand Høydal (17 år) gitar, Jakob Hagen (16 år) bass, Peder Naustdal (15 år) vokal og Sigurd Røyrvik Rønnekleiv (18 år) trommer.
- Bjørnar Oppedal (15 år) frå Gulen, piano, Ungarsk dans no. 5 av Johannes Bramhs
- Ivan Lorenzo Brendø (14 år) frå Førde, Dancing on my own (tekst og melodi: Robyn)
Miksinnslaget blir sett saman av
- Folke Melbye (16 år) frå Gulen med EDM
- Didrik Mjanger (15 år) frå Gulen med rap
- Tora Eileen Boatwright Lambrechts (15 år) frå Solund med song
- Sara Sandvik Arnestad 16 år og Tuva Nyhammer Tako 12 år frå Eid med dans
- Stella Birthe Poland (16) frå Hornindal på harpe
Generell tilbakemelding frå fagpanelet:
Det har vore svært krevjande å velje ut fem innslag som får reise til Sandnes. Juryen har valt ut representantar som viser noko av breidda i fylket. Fagpanelet oppmodar alle til å fortsetje sjølv om ein ikkje her blitt plukka ut til å representere fylket nasjonalt denne gongen.
Kunst
- «Glasshuset», skulptur, Jorunn Grøndal (16 år) frå Lærdal
- «Sjølvportrett», Tamara Malesevic (15 år) frå Stryn
- «Lys», akrylmåleri, Ingrid Bolstad (17 år) frå Førde
- «Lagde den i fjor, eg lo, det gjer eg ikkje no», fineliner, Thale Eliassen Fink (17 år) frå Førde
Generell tilbakemelding frå utstillingsjuryen: Utstillinga i år var fin og variert med mange ulike uttrykk, teknikkar og kvalitetar. Bygder og byar med tilbod om kunstskule og kunstfag hadde fleire gode kandidatar.
Foto Bilete tatt av UKM Media under festivalen er tilgjengelege her: https://www.dropbox.com/sh/vsbv3iy266n83wu/AACkCJDI3rQcIfyilV5WuiBZa?dl=0
Bilete av utstillingsarbeida:
«Glasshus», Jorunn Gørndal: https://www.dropbox.com/s/a6ev1v43hlh9spk/_ARU5657.jpg?dl=0
«Sjølvportrett», Tamara Malesevic: https://www.dropbox.com/s/5gqn5uu5wh915re/_ARU5651.jpg?dl=0
«Lys», Ingrid Bolstad: https://www.dropbox.com/s/mg92raare5l4m22/_ARU5612.jpg?dl=0
«Lagde denne i fjor, eg lo, det gjer eg ikkje no, Thale Eliassen Fink: https://www.dropbox.com/s/gcb4nuh0hm6epmk/_ARU5613.jpg?dl=0
For meir informasjon
For OnCue Music Productions AS
Stig Aron Kamonen
901 87 738
ukm@oncue.no
For Sogn og Fjordane fylkeskommune
Eva Kristin Svidal
UKM fylkeskontakt
911 69 693
eva.kristin.svidal@sfj.no